Venstre vil ha tannklinikken i Lillesand sentrum

Jone Nyborg

Sara Sægrov Ruud og Jan Kløvstad mars 2015 Venstre kan ikkje godta fylkesrådmannens forslag om å legge den nye tannklinikken i Lillesand til Tingsaker. Når fylkestinget skal behandle saka i komiteen for kultur, næring og helse 9. februar og i plenum 18. februar vil Venstre foreslå at TANNKLINIKKEN SKAL LIGGE I LILLESANDS HISTORISKE SENTRUM.
Venstre vil ikkje godta ei utvikling der stadig fleire etableringar blir i bilbaserte kjøpesenter. Vi vil bruke den politiske makta vi har som folkevalte til å støtte opp om dei by- og bygdesentra vi har. Det gir levande byar, mindre belastning på miljøet og eit betre sosialt liv.
Venstre vil at byane skal vere byar. Vi nektar å støtte ei utvikling der Sørlandsparken blir største byen og dei andre sørlandsbyane blir Tingsaker, Stoa, Brokelandsheia og Rom ved E18 i Lyngdal. Derfor vil vi konsekvent arbeide for å styrke sentrum kvar gong det kjem ei lokaliseringssak til fylkestinget.
Sara Sægrov Ruud og Jan Kløvstad, Venstres fylkestingsgruppe

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**