Amanda Schei ny leiar
Åsta Årøen blei takka av som leiar for Venstrekvinnene og ny blei valt. Den nye leiaren for Norges Venstrekvinnelag er kun 24 år, heiter Amanda Schei og er frå Oslo.
Korte fakta om Amanda: Liberal vestlending som har studert statsvitenskap og idéhistorie. Feminist, idealist og dyreelskar. Rådgivar for ExtraStiftelsen.
Vi gratulerer Amanda med vervet og ynskjer lukke til!
Gjester
Både partileiar Trine Skei Grande, generalsekretær Trond Enger og nestor Odd Einar Dørum var gjester på årets landsmøte.
Trine Skei Grande talte i sitt innlegg om stortingsgruppa sitt arbeid med asylsaka. Ho var akkurat komen heim frå Midtausten og fortalte om kor farleg det er å vere kvinne på flukt.
Odd Einar Dørum tok føre seg Venstres historie i et kvinneperspektiv og fortalte mellom anna om Fredrikke Marie Quam som var ein av dei fire store profilane som jobba fram stemmerett for kvinner i
Norge.
Les meir om korleis det gjekk til:
100 år siden kvinner fikk stemmerett.
Må kommunisere dei mjuke verdiane
Trond Enger utfordra i sitt innlegg Venstrekvinnene til å sette saker som kvinner er opptatt av på dagsorden.
– Kvinner er opptatt av andre ting enn menn og Venstrekvinnelaget har en viktig oppgave med å bidra til at saker kvinner er opptatt av settes på dagsorden.
– Vi mister kvinnelige medlemmer og
velgere til venstresiden i norsk politikk, og de kommer ikke tilbake, sa Trond Enger.
– Vi er ikke gode nok til å kommunisere sakene med de myke verdiene som kvinner tradisjonelt er mer opptatt av enn menn. Vi må ikke akseptere at andre partier tar eiendomsretten til disse sakene, avslutta han.
Psykisk helse
Under generell politisk debatt markerte Camilla Bjørnbakken Langen seg med eit godt innlegg om behovet for å sette psykisk helse på timeplanen i skulen.
Ho støtta seg på eit opprop frå fleire organisasjonar som ber
kunnskapsministeren utgreie behovet for kunnskap om psykologi i skulen.
Norsk asylpraksis
Landsmøtet samla seg om ein politisk uttale som var foreslått
frå sentralstyret:
«Norsk asylpraksis må være i samsvar med
Den europeiske menneskerettighetskommisjonen».
Denne tek spesielt for seg dei uverdige forholda for mange av asylsøkarane på Storskog.
Blir inspirert
-Landsmøtet var på alle måtar inspirerande, seier leiar i Buskerud Venstrekvinnelag Sissel Urke.
– Her møter ein kunnskapsrike kvinner i alle aldrar og ein diskuterer viktige
politiske saker. Nyttige perspektiv å ta med heim til den politiske kvardagen.
– Eg likte spesielt godt at vi under arbeidet med handlingsplanen fekk stort fokus på barns oppvekstvilkår, noko som eg kan ta med vidare i arbeidet fram mot landsmøtet i Venstre. Venstres landsmøte, som i år avhaldast i Tønsberg, har tema Barn og oppvekst, seier Urke.
Mentorordning
På landsmøtet i Norges Venstrekvinnelag var det også fokus på behovet for vidareutvikling av ei Mentorordning for kvinnelige politikarar. Dette er Urke svært positiv til.
– Eg trur denne ordninga kan bidra til at fleire kvinner tek på seg toppverv, og ikkje minst blir verande i politikken over tid.
Det er sørgelig å lese statistikk på kjønnsbalansen i norsk politikk, også i Venstre, avsluttar ho.