Aktivitet i Askvoll Venstre:
Årsmøtet i 2015 vart halde på Askvoll rådhus søndag 18 januar 2015. Det møtte 13 medlemmar. Fylkesleiar Gunhild Berge Stang var gjest.
Det har vore 2 styremøte, 8 medlemsmøte,5 møte i nominasjonsnemnda, 4 arbeidsmøte i programnemnda.
Utsendingar til fylkesårsmøte på Gloppen Hotel 7 og 8 februar, var Gunnar Osland, Linda Kvalheim, Arnt Henning Blom og Rune Ziener. I tillegg var Linda Ness Rotihaug tilstades i regi av fylkesstyret. Askvoll Venstre sendte inn fråsegn, den omhandla at Venstre skulle vere imot søndagsopne butikkar.
Lokalpolitisk nettverk (LNP) i regi av Sogn og Fjordane Venstre og VHO vart halde 21 og 22 mars i Bergen. Her møtte Gunnar Osland, Linda Kvalheim, Rune Ziener og Linda Ness Rotihaug. LPN i Flåm 6 og 7 juni, møtte Anne Marie Sve Mandelid, Gunnar Osland og Linda Ness Rotihaug.
Fylkesssekretær Linda Ness Rotihaug heldt kurs i bruk av nettsider 25 mars. Her deltok og medlemmar frå Fjaler Venstre.
Ola Elvestuen var i Askvoll 4 mars. Han starta dagen med bedriftsbesøk på Helle Fabrikker og om kvelden var det samling på Askvoll skule. Her presenterte samferdsel gruppa for Atløysambandet korleis sambandet kan realiserast med ferjeavløysingsmidlar. Dette var ei viktig sak på korleis ordninga skulle bli, då denne skulle opp i Stortinget på våren. Arbeidsgruppa for rassikring på FV 609 ved Heilevang presenterte rapport frå Statens Vegvesen, og orienterte om kor viktig det er å få sikra denne vegen. Besøket skulle òg vere ein motivasjon for medlemmane til å stille på lista til haustens val.
Abid Raja var innom Askvoll 3 August. Her var det i hovudtrekk same saker som vi tok opp med Ola Elvestuen som var tema. Møtet var i Kvammen, og avslutta med synfaring ved Heilevang.
Andre Skjelstad stilte skriftleg spørsmål i stortinget om kapitalkostnader kunne gå inn i ferjeavløysingsmidlar. Dette er blitt stadfesta at det skal.
Askvoll Venstre og Sogn og Fjordane Venstre påverka til at det i Venstre sitt alternative statsbudsjett vart øyremerka midlar oppstart av planlegging av rassikring av RV 609, kr. 5 millionar. Dette vart ikkje teke med i statsbudsjettet, men vi er svært fornøgd at Venstre øyremerka dette. Det viser at vi har jobba godt med å synleggjere viktigheita med fortgang av rassikring ved Hundsåna, både opp mot Storting og fylkesstyret.
På regionsamling i Førde 19 august møtte Anne Marie Sve Mandelid, Linda Kvalheim og Linda Ness Rotihaug.
Folkemøte: Lokallaget har vore representert på alle folkemøte som har vore i kommunen, Dette er møte ang. Kommune- og regionreform, kommunedelplanar og mottak av flyktningar.
Pr. 31.12.15 har Askvoll Venstre 43 betalande medlemmar. Vi har totalt 47 registrerte medlemmar. (1 melde seg inn i desember) Askvoll Venstre er 2. største lokallaget i fylket, og Eid er størst. Vi ser kor viktig det er å følgje opp medlemmar og betaling av kontingent. Nytt medlemsregister gjer det lettare for lokallaga å følgje opp, og det er brukarvenleg .
Kommunestyregruppa har jobba bra, og har fått gjennomslag for ein del av Venstre sine saker. I tillegg har dei markert seg godt med Venstre sin politikk. Samarbeidet i kommunestyret har vore godt med alle parti.
Askvoll Venstre er opptatt av at vi skal gje innbyggjarane det tenestetilbodet dei har krav på.
Askvoll Venstre si nominasjonsnemnd til kommunevalet 2015 var leiar Turid Mattevik, Ove Nesberg, Malvin Grepstad og Arnljot B. Stang. Nemnda var vald i 2014, og dei var tidleg i gang med å få kandidatar. Askvoll Venstre hadde maks antal namn på si liste, og var det einaste partiet i kommunen som klarte det.
Askvoll Venstre si programnemnd var: Leiar Bjørn Arne Mjåseth, Linda Kvalheim, Jostein Grane, Rune Ziener, Gunnar Osland og Linda Ness Rotihaug.
Nominasjonsmøte vart gjennomført 8 mars. Her møtte 14 medlemmar.
Valprogrammet til Askvoll Venstre vart vedteke på medlemsmøte 11 juni. Her møtte 13 medlemmar.
Gunnar Osland var valkampleiar.
Valkamp:
Askvoll Venstre hadde stand 12 gongar, fordelt på ulike plassar og dagar. I tillegg var vi med på stand under landsleiren til Natur og Ungdom på Vevring 1. august. Vi var og med under skuledebatten på Dale vidaregåande. Medlemmane var flinke til å stille opp og vere med under valkampen.
Askvoll Venstre var aktiv på facebook. Her gjorde Rune Ziener og Linda Ness Rotihaug ein kjempejobb. Her hadde vi størst aktivitet og flest medlemmer samanlikna med dei andre partia som stilte til val.
1.kandidat på fylkestinglista og fylkesleiar Gunhild Berge Stang var med på 3 stands. 4. kandidat på fylkestinglista Klaus Iversen var med på 1 stand.
På paneldebatt i Holmedal 23 august stilte Bjørn Arne Mjåseth. Her var tema kulturlandskap.
På paneldebatten i Askvoll 26 august stilte Gunnar Osland for lokallaget og Gunhild Berge Stang for fylkeslaget i panelet.
Det vart sendt ut brev til alle førstegongsveljarane.
Under standa serverte vi kaffi, muffins, Venstre drops, sjokolade, og hadde stor suksess med å ha røykelaks og flatbrød.
Vi hadde konkurranse etter ide frå Fjaler Venstre på kvar stand på kor mange representantar kvart parti ville få inn i kommunestyret. Vinnaren ville få eit gåvekort frå Storm frisørsalong. Ingen tippa resultatet rett.
Vi hadde og loddsal, der inntekta gjekk til Natur og Ungdom sin leir på Vevring. Her trekte vi ut ein vinnar for kvar dag vi hadde stand. Vinnaren fekk ein fersk laks, laksane her var sponsa av Flokenes fiskefarm og Steinvik Fiskefarm.
Vi fekk inn kr 1730,- som er overført til Natur og Ungdom.
Valresultatet til Askvoll Venstre vart 23 %, og vart nest største parti i Askvoll. Vi er på delt 7 plass i landet målt i prosent.
Etter valet var i i forhandlingar med alle parti med representantar til kommunestyre (H, SP, AP, og SV) om å få til gode avtalar. Resultatet vart at alle parti sette opp felles liste til formannskapet og Venstre skulle få varaordføraren.
Representasjon fram til kommunevalet.
Kommunestyregruppa: Gunnar Osland, Renate Berg, Turid Mattevik, Inger Lise Saltskår og Norvald Gjervik. Gruppeleiar er Gunnar Osland.
Formannskapet og Administrasjonsutvalet: Gunnar Osland er fast medlem. Her har Venstre og Krf samarbeid.
Komité for oppvekst, omsorg, helse og kultur:
Medlem: Renate Berg og Norvald Gjervik.
Komité for plansaker:
Medlem: Inger Lise Saltskår.
Komité for næring, miljø og teknikk:
Leiar: Gunnar Osland.
Medlem: Turid Mattevik.
Gunnar Osland er vara til fylkestinget. Han er i tillegg vara i hovudutval for plan og næring.
Representasjon etter kommunevalet.
Kommunestyregruppa: Gunnar Osland, Linda Kvalheim, Jostein Grane, Arnt Henning Blom og Bjørn Arne Mjåseth. Gruppeleiar er Bjørn Arne Mjåseth.
Formannskapet og administrasjonsutvalet: Gunnar Osland.
Gunnar Osland er varaordførar og leiar i administrasjonsutvalet.
Komitè for helse og omsorg: Medlem: Leiar Linda Kvalheim
Komitè for oppvekst og kultur: Medlem: Jostein Grane, Bjørn Arne Mjåseth.
Komitè for plan, næring, miljø og teknikk: Medlem: Gunnar Osland, nestleiar og Arnt Henning Blom.
Kontrollutvalet: Medlem: Jorunn Sølvi Blom Aalen.
Linda Ness Rotihaug er tilsett som fylkessekretær.