Venstre vil at Setesdalsmuseet skal drive Ose Turistheim

Ose Turistheim, Jan Kløvstad
Ose Turistheim
Ose Turistheim

I fylkesutvalsmøtet i Aust-Agder tysdag 2. februar tar Sara Sægrov Ruud opp spørsmålet om ansvar for og drift av Ose Turistheim i Bygland. her er spørsmålet:

Som nemnt i Venstres budsjettforslag for 2016 ber vi om at fylkesordføraren tar initiativ til eit møte med Bygland kommune og Aust-Agder museum og arkiv IKS for å begynne drøftingane om korleis vi kan ta vare på den verdfulle Ose Turistheim, slik rådmannen i Bygland er beden om å lage ei utgreiing om. Vi viser til protokoll frå Bygland kommunestyre 5. november 2015:
”PS 68/15 Førespurnader
Saksprotokoll i Kommunestyret – 05.11.2015
Torhild Austad: Bygland V/H bed rådmannen om å lage ei utgreiing for å få drift og
eigarskap av Ose Turistheim og Storstoga på Ose inn under Aust-Agder museum og arkiv IKS, avdeling Setesdalsmuseet. Rådmann: Rådmannen tek spørsmålet til etterretning, og vil leggje fram sak på eit seinare tidspunkt.”
Ose Turistheim er ein heilt særleg del av reiselivshistoria i landsdelen vår.
Lenge var turistheimen eit av dei viktigaste knutepunkta i Setesdal. Vanleg reisemåte var å ta Setesdalsbanen frå Kristiansand til Byglandsfjord som var endestasjon for jernbanen, herifrå gjekk dampbåtane ”Bjoren” og ”Dølen” vidare til Ose. Vidare oppover i dalen var folk avhengige av hesteskyss og det var naturleg å overnatte på Ose. Motsett veg var det også stor trafikk, blant anna frå molybdengruvene vest for Hovden dei åra dei var i bruk rundt første verdskrigen og i all vanleg ferdsel gjennom dalen.

Ose Turistheim som den står i dag blei innvia i 1909 på tomta til den første skysstasjonen som blei etablert så tidleg som i 1887 av ekteparet Aslaug og Såvi Ose som åtte staden. Staden gjekk i arv i generasjonar og blei drive av familien Ose fram til 1970. Ose Turistheim blei restaurert i 1990 og interiør og eksteriør blei nøyaktig tilbakeført til den gamle stilen. I dag er det Bygland kommune som eig bygget. Ose Turistheim er tidstypisk for sveitsarstilen som var på hell på denne tida. Kjøkenet, i blå fargar som var vanleg da, er sjeldan godt tatt vare på utan heilt moderne innslag. Gjesteroma er innreia med møblar og veggbehandling frå ulike tider på 1900-talet. Salongen står stadig med dei upanelte tømmerveggane og enkle møblar frå same periode. Tvers over vegen står Storstoga som er et einestående lafta to og ein halv etasjes tømmerbygg oppført av skrivaren Madtz Pedersen ca. 1650.

Fylkeskommunen må ta sin del av ansvaret for å sikre vern gjennom bruk, og Setesdalsmuseet viser evne og vilje til å bruke eigedomar og kunnskap for å ta vare på kulturarven og fornye den.

Initiativet frå Venstre i Bygland kommunestyre handlar om å få Ose Turistheim inn under Aust-Agder museum og arkiv IKS, avdeling Setesdalsmuseet. Venstres fylkestingsgruppe ber om at fylkesordføraren tar initiativ til eit møte med Bygland kommune og Aust-Agder museum og arkiv IKS og Setesdalsmuseet for å forsøke å finne gode løysingar så raskt som mogleg.

Venstres fylkestingsgruppe
Sara Sægrov Ruud og Jan Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**