Innlegg frå Bergit Myrjord om sjukefråværet i Bø kommune

Nord-Aurdal Venstre

På kommunestyremøte 25. januar heldt Bergit dette innlegget som ein reaksjon på forvaltningsrevisjonen sin rapport om sjukefråværet i Bø:

Ksak3/16

Forvaltningsrevisjon – sjukefråværet i Bø kommune

Eit av dei tema som har vore mykje framme i drøftingane både i formannskap og kommunestyre er det høge sjukefråveret i Bø kommune. Viktige spørsmål er korleis vi skal arbeide førebyggjande, og korleis vi skal møte dei sjukemelde slik at dei raskare blir friske og kjem tilbake i jobb.

Det krev kunnskap om årsaker, og det krev at ein kan jobbe systematisk over tid. Det er nødvendig og viktig med gode og jamnlege arbeidsmiljøundersøkingar som gjev oss som arbeidsgjevar mest mogleg eksakt kunnskap om utfordringane.

Det er derfor gledeleg at vi nå har fått ein forvaltningsrevisjon om dette. Rapporten er interessant lesing og det er mykje kunnskap å hente her.

Hovudkonklusjonen, slik det er formulert i rapporten , er at kommunen arbeider målretta og systematisk, og at ein har oversikt over myndigheit og ansvarsområde. Det er bra.

Men når eg les rapporten er det òg mange opplysningar i rapporten som både forundrar meg og bekymrar meg.

Vi har gjort vedtak om å bruke systemet Langtidsfrisk som metode både førebyggande og i oppfølging av sjukemelde. Slik eg har forstått det, er Langtidsfrisk eit verktøy som administrasjonen meinte var godt eigna til formålet. Eg likar derfor dårleg når eg les at dette ikkje er følgd opp, og at det av enkelte blir oppfatta som eit sovande vedtak.

Eg likar òg dårleg når eg les at sentrale tiltak for å redusere sjukefråveret er lite kjent nedover i organisasjonen. Å sikre seg at informasjon er forstått, og at tiltak blir sett i verk, er eit klart leiaransvar – ikkje bare for den øvste leiinga – men og for alle med leiaransvar i organisasjonen.

Oppfølging av dei sjukemeldte er viktig både for arbeidstakar og arbeidsgjevar. Også her dokumenterer forvaltningsrapporten store glipp. Å ha god opplæring og gode rutinar her er viktig. Vi må kunne dokumenterer korleis vi følgjer opp våre tilsette.

Innstillinga til vedtak frå kontrollutvalet er ei god oppsummering og vegvisar om kva som må takast tak i så raskt som råd. Eg håper at dette arbeidet blir følgd tett og godt opp framover.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**