Verdien av Valestrand

Valestrand skule og Bullagarden, Kjersti I. Vevatne

Mykje godt har vore sagt i planane for bygging av ny skule for Valestrand-Hauge – både når det gjeld plassering og kor bra det skal bli. Men det har vore lite snakk om kor bra det skal bli for Valestrand.

Som alle bygder på Osterøy så finst det her eit levande og godt nærmiljø. Valestrand har mykje å vere stolte av. Her er tiltakslyst og godt samhald, ein god skule, næringsliv og ferje og ikkje minst Bullahuset og Bullagarden. Valestrand har store verdiar – i alle betydningar av ordet “verdi”. I diskusjonen om kva tomt som skal velgjast for ein ny skule for Valestrand-Hauge så må sjølvsagt to omsyn vege tung; ei god løysing for elevar og tilsette, og det å finna ei god løysing for kommuneøkonomien. Men me meiner at det er like viktig å finne ei god løysing for Valestrand som bygd og nærmiljø.

Kvifor må me få to tomter utgreidd? Etter vårt syn er det to tilhøve som er viktige:

  • Respekt for dei verdiar som Valestrand har. Sidan Valestrand-Hauge er så folkerikt må skulen dimensjonerast for eit elevtal som er over dobbelt så stort som dagens skule på Valestrand. I tillegg er det ønskje frå mange å få idrettshall i nær tilknytting til skulen. Dette er fysiske storleikar som det er krevjande å få rom til. Utgreiinga vil vurdera viktige tema som så langt ikkje er sett på i særleg grad. Mange av oss ser fram til å vite kva følgjer skuleutbygginga vil få for landbruksjorda og dei grøne verdiane på Valestrand. No kan me få konkretisert dei gode ideane for korleis ein skal avvikla opp mot dobbel mengde trafikk. Og me vil få ei heilt naudsynt vurdering av tilstanden på dagens skulebygg.
  • Me står ved eit vegskilje. Ein flott ny skule på Lonevåg har satt eit ambisjonsnivå for Osterøyskulen som me gjerne vil byggje opp om – også på Valestrand. Det å bygge på eksisterande tomt og det å bygge på ei ny tomt er to svært ulike prosjekt. Det er verdt å stoppe opp og sjå fordelar og ulemper med begge desse vala.

Osterøy Venstre er opne på at me tek stilling til val av tomt når utgreiinga er ferdig. Dette forsinkar ikkje utbygging av skulen – for desse ideane må på bordet før ein kan bygge – uansett tomt. Store delar av utgreiinga gjeld problemstillingar som må løysast sjølv om ein gjer tomtevalet allereie no.

Utgreiinga peikar framover, men tilhøva ved dagens skule er prekær. Dette er ei eiga sak som ikkje har samanheng med tomteval og utgreiing. Det må mellombelse løysingar til uansett kor den nye skulen skal ligge. Desse tiltaka må vere i funksjon heilt til den nye skulen er ferdig.

For oss vil omsyn til borna og nærmiljøet vere avgjerande. Dette er Valestrand verdt, og dette er ungane våre verdt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**