Gol Venstre hadde årsmøte sundag 17. januar på Geilo samfunnshus, saman med dei andre venstrelaga i Hallingdal. Etter lokallaga sine årsmøter, var det felles med alle venstrelaga i Hallingdal: Hol, Ål, Hemsedal og Gol slik det har vore dei siste åra.
Av årsmeldinga går det fram at Gol Venstre har gjort mykje godt politisk arbeid og vi har hatt eit aktivt år med i alt 17 medlemsmøte/styremøte/gruppemøte, eit fellesmøte med dei andre venstrelaga i Hallingdal i samband med årsmøtet i fjor – og eit ope møte 16. april 2015 med Trine Skei Grande, der temaet var skulepolitikk. Fyrste del av møtekvelden var med Undervisningsforbundet i Hallingdal, andre del var eit ope møte med same tema «Skule, skulepolitikk og utfordringar i eit samfunn i rivande utvikling».
Hallvor Lilleslett vart attvald som leiar og Helge Feet som nestleiar, Gunhild Sørum er skrivar og Vlasta Sundmoen er kasserar. Per Drabløs er styremedlem.
Vara: 1. Jan Kattenberg, 2. Erlend Grubben, 3. Heidi Myrvoll, 4. Sander Lilleslett.
Fellesmøtet med dei andre venstrelaga i Hallingdal vart leia av Sissel Urke. Ho sit i fylkesstyret og er leiar i utvalet for undervisning.