Høgskulen i Sogn og Fjordane er sentral for utviklinga i heile fylket. Spesielt er den viktig for Førde- og Sogndals- regionen. Den er kanskje den mest sentrale utviklingsaktøren i desse områda og spreier positive ringverknadar. Det er viktig for heile fylket at høgskulen vert ivareteken.
Høgskulen er vert for nesten 4000 studentar kvart år. Dette bidreg blant anna til å forsyne offentleg forvaltning med naudsynt kompetanse i dei viktige sektorane, skule og helse. Høgskulen har i mange år hatt jamn auke i studierekrutteringa. Eit bredt samarbeid bør gje studentar og tilsette ved høgskulen fleire moglegheiter og føre til at fleire ynskjer å søkje seg til fylket vårt.
Sogndal Venstre ber difor om ei utgreiing av fusjonsalternativet for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er viktig at Høgskulen har gode samarbeidspartnarar også i framtida. Slik kan den vera betre rusta til å møte faglege og økonomiske utfordringar som måtte koma.
Når Sogndal Venstre no vurderer fusjon, er det med nokre atterhald. For det fyrste er det viktig at ein beheld nærleiken og samarbeidet med arbeids- og samfunnslivet i regionane. Det er også svært viktig at det mangfaldige studietilbodet som er i Sogndal og Førde ikkje vert svekka, men styrka. Dette gjeld ikkje minst lærarutdanninga, som er grunnen til den store skulesuksessen fylket har hatt.
Vi ynskjer å sjå ein styrkja institusjon med gode faglege tilbod som bidreg til vekst og kompetanseauke i regionane og distrikta. Det er derfor sentralt at det også etter ein fusjon skal vere eit lokalt handlingsrom for å utarbeide regionale strategiar og studietilbod etter behov.