Anne Mette Hjelle er ny leiar i Førde Venstre. Det blei vedteke av årsmøtet i Førde Venstre 19. januar. Med seg i styret har ho Tore Morten Mettenes, Åge Avedal, Jan Taule og Robert Frøysland. Hjelle er kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, 52 år, gift og med fire barn. Ho har vore medlem av Venstre sidan april 2014.
Årsmelding og årsrekneskap godkjent på årsmøtet vil bli lagt ut i løpet av eit par dagar.