Førespurnad om Valestrand og Hauge skule

Foto: StockSnap.io

Osterøy Venstre har sendt inn følgjande førespurnad til ordføraren i samband med kommande møte i formannskapet 27.01.16:


Eg viser til vedtak i formannskapet 25.11.15:

«Det skal leggjast fram for formannskapet ei sak til orientering som gjeld elevfordeling og romsituasjon ved skulestaden Valestrand-Hauge, og løysing for korleis elevane kan samlokaliserast».

Osterøy Venstre er uroa over at situasjonen for Valestrand skule verkar å vere uavklart når det gjeld å kunne ta imot elevane frå Hauge skule hausten 2016. På Valestrand er situasjonen allereie i dag vanskeleg, og me har så langt ikkje sett skisser til løysing. Det er for oss uavklart om nedlegging av drifta ved Hauge skule utløyser nok midlar til dei tiltaka som trengs ved Valestrand.

Osterøy Venstre ønskjer svar som omtaler følgjande moment:

  1. Status for planlegginga på Valestrand for å ta imot alle elevane frå Hauge skule. Kor stor brakkerigg treng ein, kvar skal denne stå, og kva vil kostnaden vere?
  2. Er det planlagt tiltak for å lage ein plass der bilar kan stoppe og snu for å levere/hente born til SFO? Er det eventuelt her midlane som vart løyvd i budsjett for 2016 skal nyttast?
  3. Vil elevar som skal over Hallandsflaten få dekka skuleskyss som følgje av farleg skuleveg?
  4. Kva er årsaka til at det ovafor foreldre ved Hauge skule vert framstilt som at heradsstyret har vedteke fritt skuleval, og ikkje nærskuleprinsippet aleine? Foreldre ved Hauge skule har ikkje fått tildelt skuleplass ved Valestrand skule slik dei skal, men må krysse av i skjema der dei vel kva skule dei ønskjer for sitt barn. Osterøy kommune har ikkje fritt skuleval og praktiseringa er etter vår vurdering i strid med politisk vedtak. Kan dette rettast opp i omgåande?

Nærskuleprinsippet skal sikra gode oppvekstmiljø, og har også eit viktig folkehelseperspektiv. Det er ein særs uheldig kombinasjon at ei trygg og gjennomtenkt løysing på Valestrand enno ikkje er kommunisert, samtidig som at me unnlet å tildele skuleplass for Haugeelevane. Med ein flott og ny skule i Lonevåg, og med uavklarte tilhøve på Valestrand – står me i fare for ei skeivfordeling av elevar og ei undergraving av dei gode formåla som ligg i nærskuleprinsippet.

Me som kommune har eit ansvar for å «vise veg», halde områdesenteret samla og signalisere at den offentlege skulen er eit godt og trygt val. Dersom ein plan og kostnadskalkyle for tiltak ved Valestrand ikkje vert lagt fram innan kort tid, vil Osterøy Venstre vurdera å fremje forslag i heradsstyret om at Hauge skule skal haldast i drift fram til ny skule står ferdig.

Kjersti I. Vevatne

Osterøy Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**