Årsmelding 2015

Måndag 18. januar var det årsmøte i Bø Venstre på Sandvin. Olav Lahus held fram som leiar etter å ha blitt vald inn for eitt år til. Med seg i styret får han Bergit Myrjord og Evy Beate Tveter (sekretær) som begge tok attval og vil sitte i styret dei neste to åra. Dei to siste medlemmene i styret er Tone Fremgård og Geir Sønstebø (kasserar) som ikkje sto på val i år. Blant medlemmene i valnemnda skal Kristin Vestgarden ha sin plass i eitt år til, og med seg får ho Augon Eika og Halvor Gåra som begge blei valde inn. I tillegg til val var det livleg diskusjon rundt aktuelle politiske tema og gjennomgang av årsmeldinga for 2015 – eit godt år å sjå tilbake på for Bø Venstre.

Kjell Stundal fekk blom for lang og tro teneste i valanemnda. Det same fekk Olav Kasland for den strålande ordførarjobben han gjer.

 

Her kan du lese heile årsmeldinga:

ÅRSMELDING FOR BØ VENSTRE FOR 2015

2015 har vore eit godt år for Bø Venstre med stort engasjement og stor aktivitet lokalt, regionalt og nasjonalt .

Årsmøtet

På årsmøtet blei Olav Lahus vald som leiar for eitt år. Tone Fremgård og Geir Sønstebø blei valde som styremedlem for 2 år. Bergit Myrjord og Evy Beate Tveter var ikkje på val. Som varamedlemer til styret blei desse valde: 2. varamedlem Jon Kvisli og 3. vara Øyvind Dag Dahle blei begge valde inn for 2 år. 1. varamedlem Olav Kasland var ikkje på val.

Til valnemnd blei desse valde: Kjell Stundal var ikkje på val. Kristin Ø. Vestgarden og Ingebjørg Nordbø ble valde inn for to år . Det har ikkje blitt funne erstattar for Ingebjørg Nordbø etter at ho melde seg ut av partiet.) Tormod Myrjord som revisor var ikkje på val.

På årsmøtet vedtok Bø Venstre ein resolusjon der ein gjekk mot å innføre ei ordning med sundagsopne butikkar. Dette blei seinare ei av dei viktige sakene i valkampen både lokalt og nasjonalt.

Medlemer 2015

Ved utgangen av 2015 var det 42 betalande medlemmer i Bø Venstre.

Organisatorisk arbeid i 2015

Det har i 2015 blitt haldne 10 ordinære medlems- og styremøte. Desse møta har vore i forkant av møte i kommunestyret. Informasjon og gjennomgang av saker til kommunestyret har vore fast post på programmet. I alt 40 saker har blitt behandla.

I tillegg har det vore 3 felles møte med venstrelaga i Nome og Sauherad. Det har vore nyttig å diskutere felles saker som kommunesamanslåing og valkamp.

Bø venstre hadde ei vellykka valvake på Sandvin med mange folk, god mat og godt valresultat!

Kommunevalet 2015 – 19

Programkomiteen med Olav Kasland , Kristin Ødegård Vestgarden, Evy Beate Tveter, Geir Sønstebø Olav Lahus utarbeidde eit omfattande program som blei vedtatt på medlemsmøte.

Bø venstre gjennomførte ein aktiv valkamp med Olav Kasland som valkampleiar. Det blei sett opp ein omfattande valkampplan som blei gjennomført fullt ut.

 

Det blei utarbeidde 2 brosjyrar. Ein hovudbrosjyre med heile programmet for 2015 – 19, og ein i kortversjon. Desse blei distribuert til alle postkasser i ein stor dugnadsjobb av medlemene.

Bø Venstre hadde små annonser i kvart nr av Bø Blad frå midten av august, der vi presenterte enkeltsaker og dei 6 første på lista. I tillegg hadde vi ei ½-side siste veka før valet og ei heilsides annonse i Kulturguiden saman med Sauherad og Nome Venstre.

Vi serverte kaffi til reisande på morgontoget kvar dag i dei to siste vekene før valet. Same tiltaket hadde vi også på Miljødagen den 5.juni.

Vi presenterte programmet og andre aktuelle saker i valkampen gjennom i alt 13 lesarbrev . Desse blei trykt i Bø blad, Varden og TA. Vi hadde også felles medieutspel med Sauherad Venstre om g/s-veg mellom Bø og Gvarv.

Alle førstegongsveljarar fekk brev med oppmoding om å stemme. Venstre deltok også på debattmøte på Sandvin og på stand i Gata. Vi hadde også besøk av 1.nestleiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget , Iselin Nybø (V). Vi besøkte Høgskulen, Telemarksforsking og Bø lensmannskontor. Planane for Campus Bø blei presentert.

Kommunevalet resulterte i ei oppslutning på 28,2 % og ei kommunestyregruppe på sju representantar. Det er det nest beste resultatet i Bø venstre si historie. Det er vi svært godt nøgde med. Etter valet gjekk vi inn i eit politisk samarbeid med Sp, KrF og Høyre og eit valteknisk samarbeid der også SV og MDG er med. Olav Kasland blei samrøystes attvald som ordførar. Venstre har to representantar i formannskapet. Venstre har leiarane i dei tre hovedutvala samt ein representant i Helse- og velferdsutvalet. Olav Kasland blei vald inn som Venstre sin representant i Telemark fylkesting.

Viktige saker i 2015.

Det har framleis vore eit stort trykk på arbeidet med omstilling og forbetring av kommuneøkonomien for å kome ut av ROBEK . Andre viktige saker har vore arbeidet med arealdelen til kommuneplanen og uttale vedrørande utbygging av Oterholtfossen, ny kulturplan , oppstarting av arbeid med kvardagsrehabilitering og ekstra busetting av flyktningar. Ny sjukeheim blei opna i 2015, og arbeidet blei gjort innafor budsjett. Arbeidet med kommunereforma har vore i gang heile året. Etter at samarbeidet ”Lifjell rundt” blei avslutta, har Nome, Sauherad og Bø arbeidd med ei intensjonsavtale.

Bø kommune har også i 2015 hatt ei svært god utvikling og vekst på alle områder. 1 3.kvartal hadde Bø kommune høgaste folketalsvekst i landet målt i prosent . Utbygginga av Nordbøfeltet er starta opp. Bø kommune blei i 2015 utnemnd til første sykkelbygda i Noreg . Ny gangveg til Fokestad er opna, og fylket har bevilga pengar til opprusting av Stasjonsvegen.

Bø, den 12. januar 2015

Olav Lahus

Leiar

 

Evy Beate Tveter, Geir Sønstebø, Tone Fremgård, Bergit Myrjord, Olav Kasland

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**