Årsmøte 18. januar

Som tidlegare meddelt pr. informasjonsskriv og annonse, vert Voss Venstre sitt årsmøte arrangert måndag 18. januar kl. 19.00 på Park Hotel.

Dagleg leiar i næringshagen, Frode Rokne, er invitert til å halda ei innleiing om næringsutvikling på Voss generelt og næringshagen si rolle spesielt. Frode vil sleppa til frå byrjinga av, og innleier frå om lag kl.19.00. Årsmøtet vil truleg starta om lag kl. 20.00.

Me vonar mange av dykk har tid og høve til å delta.

Viss nokon som ikkje er medlemer av Venstre ønskjer å høyra på Frode sitt innlegg, er de hjarteleg velkomne til første del av årsmøtet. Under sjølve årsmøtet er det derimot berre medlemer som har røysterett.

Vel møtt til årsmøte måndag 18. januar.

Mvh.

Styret i Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**