Mange har reagert på at Venstre har vore med på ein samarbeidsavtale der elevane sin rett til fritt å velje kva skule ein skal gå på vert innskrenka. Reaksjonane er forståelege dersom ein ser denne saka isolert. Men ser ein heile samarbeidsplattformen mellom Ap, Sp, Mdg, SV og Venstre, ser ein at Venstre har fått gjennomslag for mange andre viktige saker. Fritt skuleval var ei av sakene som Venstre hadde med til forhandlingane men som vi tapte. Eit stort Ap prioriterte dette, eit større Venstre ville sjølvsagt gitt oss andre muligheter.
Under behandlinga av saka i Hovedutvalget var alle parti, inkludert opposisjonen, einige om innføring av «gjennomføringsprinsippet». Det styrkar elevane sine rettar til å fortsetje å gå på den skulen dei har starta på. Tidligare måtte elevar med dei svakaste resultata konkurrere med andre som søkte seg inn på «deira» skule til Vg2 og Vg3. Dette førte med seg uhensiktsmessig skulebytte undervegs i skuleløpet.
I behandlinga av forskrifta var det viktig for Venstre å ivareta ein viss fleksibilitet ved inntak, som å opne opp for at skjønnsmessige hensyn kan takast der sosiale eller geografiske forhold tilseier at nærskulen ikkje er til det beste.
Venstre er gitt mulighet gjennom Leiarposisjonen i Hovedutvalg for utdanningssektoren, å utøve påverknad i skulepolitikken i fylket vårt denne perioden, og det skal vi nytte oss av. 10.12 vedtok Fylkestinget handlingsprogrammet og økonomiplanen for perioden. I det ligg det forpliktande signal om kva vi vil:
- Utvikle tettare samarbeid mellom skule, næringsliv og kommunane.
- Stimulere til meir yrkesretting og relevans i fleire fag.
- Sørge for å utvide muligheter til alternative skuleløp, td gjennom «vekslingsmodellen». Vekslingsmodellen gir elevar høve til å kombinere teori og praksis frå dag ein.
- Styrke forutsetningane for at læraren har tida si i klasserommet og med elevane.
- Styrking av nærværsarbeidet.
- Stimulere arbeidslivet, inkludert Fylkeskommunen sjølv, til å ta inn flere lærlinger og lærekandidater slik at fleire kan få eit meir realistisk møte med arbeidslivet.
- Oppretting av fleire fagskuletilbod.
- Sørge for at alle elevar som treng det skal ha eit Arbeidsinstitutt-tilbod i regionen sin.
Sissel Urke (V)
Leiar i Hovedutvalg for utdanningssektoren