Nytt styre i Haram Venstre

Ole Johan Høyberg, Thomas Vadset, Kristian Stråmyr, Håvard Urkedal, Hege Melkvik, Nina-Shanett Arntsen og Eili Ånadal Arntsen., Vadset

Styre for 2016:

  • Håvard Urkedal, leiar
  • Thomas Vadset, nestleiar
  • Hege Melkvik, kasserar
  • Kristian Stråmyr, sekretær
  • Eili Ånadal Arntsen, styremedlem
  • Nina-Shanett Arntsen, UV rep.
  • Ole Johan Høyberg, mentor
  • Ingrid Standal, 1. varamedlem

Styret blei vald på årsmøtet 12. desember 2015 på Vadset. Håvard Urkedal tek over roret etter Ole Johan Høyberg som Venstre-leiar. Urkedal har bakgrunn frå Unge Venstre og er for tida nestleiar i Møre og Romsdal UV. Han var 2. kandidat for Venstre ved valet 2015.

Ole Johan Høyberg blei takka av som leiar etter å ha innehatt posten sidan 2011. Han var fast representant i kommunestyret for perioden 2011-2015, og har nedlagt ein kjempeinnsats for lokallaget og innbyggjarane i kommunen. Sjølv om han hadde ynskje om å trekke seg litt attende ved valet i 2015 fortsett han som folkevald og er mellom anna nestformann i Eldrerådet.

Dei nye tilskota til styret er Hege Melkvik frå Tennfjord som tek over som kasserar etter Malin Storholt, Nina-Shanett frå Grytastranda og Ingrid Standal (UV) frå Longva.

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**