Strekninga er blant dei som er i dårlegast stand på dagens E39, og det har lenge vore eit politisk krav å ruste opp vegen. Dette har vore tema i budsjettforhandlingane i haust, og onsdag konkluderte omsider Stortingets transportkomité med at strekninga må rustast opp.
Vedtaket i komiteinnstillinga lyd slik: «Komiteens flertall har merket seg behovet for utbedring av strekningen Sandane-Byrkjelo på E39. Flertallet ber regjeringen arbeide for at planarbeidet ferdigstilles slik at utbedringen av flaskehalser kan igangsettes. Flertallet ber regjeringen vurdere å prioritere midler til planlegging av prosjektet».
Dei borgarlege samarbeidspartia er svært godt nøgde med vedtaket.
– Dette har vore ei prioritert sak for Sogn og Fjordane Venstre i budsjettarbeidet i heile haust, og vi er svært nøgde med at vi no ser ut til å kome i mål. Det er mykje trafikk på vegen, men den er samstundes ei av dei dårlegaste strekningane på E39. Utbetring er viktig både for gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.
– Dette er ei vegstrekning KrF har jobba for lenge, og det er viktig å få ho utbetra sjølv om E39 – trasseen vert lagt om. Lokale KrFarar i Gloppen, med gruppeleiar Svein Ottar Sandal, har vore sterke pådrivar. Vegen er viktig for regionalt samarbeid, næringslivet og tryggare ferdsel, seier fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik.
– Eg er glad for at det no blir lagt til rette for å planlegge og utbetre av flaskehalsane på E39 mellom Byrkjelo og Sandane. Dette vil også bli ein viktig tilførselsveg til framtidig E39 gjennom Sogn og Fjordane og standarden her er alt for dårleg. No blir det viktig å samle kreftene slik at ein også får planlagt dei andre strekningane på E39 både lenger sør og mellom Byrkjelo og Grodås for å halde stort tempo i vegbygginga i Sogn og Fjordane framover, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)
– Eg er svært glad for att medlemmene i transportkomiteen har blitt einige om å starte arbeidet med å ruste opp. Dette er ein vegstubb som har vore nedprioritert av føregåande regjeringar som no blir ein realitet.Eg har vore tydeleg overfor Frps folk i transportkomiteen og samferdsledepartementet at her må ei oppgradering til før det skjer ei ulykke, seier Lars Sven Drabløs, fylkesleiar i Frp.
—
Kontakt:
Sveinung Rotevatn 951 46 487
Trude Brosvik 913 14 389
Bjørn Lødemel 917 77 488
Lars-Svein Drabløs 924 22 040