Det vart for kort tid sidan kjent at Sogn og Fjordane fylkeskommune får 3 mill kr meir i 2016 enn føresett over statsbudsjettet gjennom tapskompensasjonsordninga. Stortinget har grunngitt løyvinga med omsynet til å halde oppe kvaliteten i vidaregåande skule i fylka som får midlar over ordninga.
Sogn og Fjordane Venstre gjekk difor ut i forkant av budsjetthandsaminga i Fylkestinget og kravde at dei ekstra midlane blir brukt til å styrke opplæringssektoren, slik at ein kan halde oppe best mogleg kvalitet og breidde i det vidaregåande skuletilbodet. Framlegget fekk etterkvart støtte frå alle andre parti på Fylkestinget, slik at dagens vedtak vart samrøystes.
– Venstre meiner dagens vedtak er steg 1 på vegen mot å få til ei klårare prioritering av ungdom og skule i fylkesøkonomien i Sogn og Fjordane i åra framover, seier Venstres Gunhild Berge Stang.