– Venstre har saman med Krf kjempa hardt for å få på plass ei kompensasjonsordning for tapte inntekter til fylket gjennom det nye inntektssystemet. Når vi no har lukkast to år på rad med å få gjennomslag for ordninga på Stortinget, er det fordi vi har fått forståing for at det må til for å gi ungdom i Sogn og Fjordane eit like godt tilbod om vidaregåande opplæring som elles i landet. – Dette presiserer no også Stortinget for fyrste gong i merknaden som følgjer med løyvinga, seier Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo, som spesielt trekkjer fram innsatsen Venstre sin medlem i Kommunalkomiteen André M. Skjelstad har gjort med å få kompensasjonsordninga på plass.
– Venstre vil setje krav i Fylkestinget om at dei ekstra midlane frå Stortinget faktisk blir brukt til skule og ungdom i Sogn og Fjordane, og ikkje brukt opp av Senterpartiet og deira støttespelarar til å dekke behov i andre sektorar, seier Venstre sin gruppeleiar Gunhild Berge Stang.
– Sogn og Fjordane må etter Venstre sitt syn prioritere midlane vi får gjennom kompensasjonsordninga inn mot å styrke fagmiljø og kvalitet på dei vidaregåande skulane. Med den ekstra løyvinga må vi også no arbeide for å halde oppe utsette utdanningstilbod ved skulane som er viktige for næringslivet, legge til rette for fleire lærlingeplassar og gode skulemiljø, seier Venstre sin nestleiar i Opplæringsutvalet i fylket, Alfred Bjørlo.
– I framlegget til økonomiplan for Sogn og Fjordane er det foreslått å kutte 80 mill kr til vidaregåande opplæring frå 2016 til 2019, samtidig som ein vil auke løyvingane til andre sektorar. Venstre meiner det no må takast eit oppgjer med denne systematiske nedprioriteringa av vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. Ein kan ikkje vente at Venstre og Krf saman med regjeringspartia kvart år skal klare å kjempe på plass kompensasjonsmidlar til fylket for å styrke ungdom og skule, dersom Senterpartiet konsekvent brukar opp midlane til andre formål. Prioriteringane til Sogn og Fjordane fylkeskommune må no endrast, slik at ungdom og skule kjem først, seier Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo.
Den ekstra kompensasjonen til Sogn og Fjordane fylkeskommune på 25,6 mill kr i 2016 kjem på toppen av tidlegare løyvingar gjennom same ordning. Det samla årlege kompensasjonstilskotet til fylket er no på 80 mill kr.
Kontaktpersonar:
Gunhild Berge Stang, gruppeleiar for Venstre i Fylkestinget, mobiltlf 976 53 785
Alfred Bjørlo, Venstre sin nestleiar i Hovudutval for opplæring, mobiltlf 480 82 652