Etter lange veker med forhandlingar er dei borgarlege samarbeidspartia einige om hovudsatsingane i statsbudsjettet for neste år. Venstres Sveinung Rotevatn meiner Sogn og Fjordane har kome godt ut av prosessen.
Mellom anna vert den såkalla tapskompensasjonen for fylkeskommunar styrka med 60 millionar kroner. Dette kjem på toppen av tilsvarande styrking for inneverande år.
– No innfrir vi det eg har oppfatta som det viktigaste kravet frå fylket. Det nye inntektssystemet for fylkeskommunar gjekk i utgangspunktet hardt utover Sogn og Fjordane. Med denne tapskompensasjonen blir det ein langt betre kvardag framover, og ein slepp vonleg å kutte i viktige tenestetilbod som vidaregåande skule, seier Rotevatn.
Ei anna sak det har vore strid om i haust, er utbygging av Vik fengsel. No er det omsider klart at Stortinget ønskjer utbygging av fengselet, noko som kjem fram gjennom eit såkalla anmodningsvedtak der dei ber regjeringa kvalitetssikre prosjektet med tanke på utbygging.
– Dette har vi i Venstre jobba for i heile haust, og vi er glade for at stortingsfleirtalet no er med på laget. Fengselsutbygginga vil bidra til å få ned soningskøen, og bidra med viktige arbeidsplassar i regionen, seier Rotevatn.
Posten for breibandsutbygging vert også auka opp i budsjettforliket. Denne var i utgangspunktet kutta med 60 millionar kroner i forslaget frå regjeringa, men kuttet er no retta opp og posten auka opp med ytterlegare 15 millionar.
– Å investere i breibandsutbygging er noko av den mest kostnadseffektive distriktspolitikken vi kan føre. For ein beskjeden sum pengar sørgjer vi for lik tilgong til infrastruktur som er heilt avgjerande for at privat næringsliv kan skape nye arbeidsplassar, seier Rotevatn.
Også Norsk fjordhestsenter på Nordfjordeid kjem godt ut av budsjettforliket. Regjeringa foreslo i sitt alternativ å kutte finanseringa til hestesenteret med 750.000 kroner, ei styrking Venstre fekk gjennom i fjorårets budsjett, men no er heile summen tilbakeført. Stortinget vedtek også å auke opp tilskotsordninga til rassikring av fylkesvegar med 75 millionar kroner.
– Samla er dette blitt eit godt budsjett for Sogn og Fjordane. Ingen av partia har fått 100 prosent gjennomslag for alt vi ønskte å gjere, men vi har fått på plass eit kompromiss som bør vere til å leve med for alle, og som sikrar betre moglegheiter for fylket i tida framover. Generelt er Venstre mest nøgde med at budsjettet bidreg til det grøne skiftet gjennom ei styrka miljøsatsing, at vi held fram styrking av skulen og kunnskapssektoren, og at vi fører ein ansvarleg økonomisk politikk som nedkjempar arbeidsløyse og bidreg til å sikre eksportindustrien, seier Rotevatn.
Kontakt:
Sveinung Rotevatn, tlf. 951 46 487