Håvard Urkedal debuterte i kommunestyret 19. november. I tillegg til å diskutere val i diverse utval fremja han eit tilleggsforslag til uttalen om revidert bypakke i Ålesund som blei nedstemt. Sjå web-sending frå møtet her.
Tradisjonen tru blei den yngste kommunestyremedlemen vald til representant i Ungdomsrådet. Dette er Kristian Stråmyr med sine 22 år. I andre enden av skalaen blei lokallagsleiar Ole Johan Høyberg vald til representant i Eldrerådet, med godt skotsmål frå ordførar Vebjørn Krogsæter. Med seg som vara til Eldrerådet får han Thomas Vadset som elles figurerer som 1. vara i kulturutvalet. Ny i lokalpolitikken er Eili Ånadal Arntsen som blei medlem i ad hoc-komiteen for mottak av flyktningar og Håvard Urkedal som mellom anna blei vald til 1. vara i det prestisjefulle næringsfondet.
Full oversikt over verv er oppstilt under:
Kristian Stråmyr:*
- Klagenemda (nestleiar)
- Ungdomsrådet (kommunestyret sin rep.)
Håvard Urkedal:
- Næringsfondet (1. vara)
- SU Vatne U.skule (1. vara)
- Utsending til friluftsrådet (2. vara)
Ole Johan Høyberg:
- Eldrerådet (kommunestyret sin rep. og nestformann)
- Råd for funksjonshemma (1. vara)
- Heimevernsnemda (1. vara)
Thomas Vadset:
- Kulturutvalet (1. vara)
- SU Tennfjord B.skule (1. vara)
- Eldrerådet (1. vara)
Eili Ånadal Arntsen:
- Ac hoc-komité for mottak av flyktningar (medlem)
*Stråmyr er tidligare vald som 2. vara til formannskapet på fellesliste med Frp og personleg vara til styret i ID-huset.