Rådmannen har lagt fram forslag til budsjett for 2016. Dette skal nå til handsaming i formannskapet før endeleg vedtak i heradsstyret i desember. Dokumentet inneheld viktige prioriteringar for oss alle saman neste år!
Den økonomiske utviklinga for Osterøy er positiv. Det ser ut til at vi for i år styrer mot 0, og det er von om at vi til neste år greier å bygge opp eit fond som gjer oss i stand til å møte svingingar og risiko. Derimot er det uheldig at det ser ut til at drifta vår vert meir og meir avhengig av eigedomsskatt. Endringa i skulestrukturen skulle ha gjeve grunnlag for ei senking av denne skatten – som for neste år er foreslått halden uendra.
Det gledelege i budsjettet er at rådmannen har funne midlar til musikkterapien ved Osterøytunet. Administrasjonen foreslår også å auke arbeidet med flyktningar, og planlegg nye omsorgsbustader og kommunale bustader. Det vert løyvd midlar til rehabilitering Coop-bygget slik at vi kan få på plass Familiens hus. Det er satt av ein del til vegutbetring (m.a. Njåstadvegen) og vedlikehald på ein del kommunale bygg – men er det nok? Vidare er det satt av midlar til miljøretta helsevern som m.a. er positivt for barnehagane og skulane våre. Og ikkje minst legg ein opp til å avsette 2 mill til eit fond som gjer oss betre i stand til å takle svingningar og uføresette ting som alltid dukkar opp.
I forslaget har administrasjonen ikkje funne plass til finansiering av auka kapasitet ved gårds- og friluftsbarnehagen på Vevle. Det er heller ikkje lagt inn nokon buffer til auka skuleskyss dersom fleire vegar vert kategorisert som farlege. For neste år er det ikkje foreslått noko asfaltering. Skulane kan ikkje forvente midlar til meir materiell. Der ligg inne kutt i bu- og avlastningstenesta, psykisk helsevern og brukarstyrt personleg assistanse. Løyvingar frå staten til helsesøster vert ikkje nytta slik dei er meint. Rusomsorg ved Kroken er foreslått lagt ned – dvs at eit godt tilbod til våre rusmiddelavhengige forsvinn. Halldorvika med tilbod til dei som har demens reduserer til å vere ope 3 dagar i staden for 5. Hauge skule skal ut av drift hausten 2016 sjølv om den nye skulen ikkje er klar.
Dette er døme på både gledelege og urovekkande forslag i budsjettet som nå ligg føre. Osterøy Venstre set spørsmål ved fleire av prioriteringane og etterlyser meir grunngjeving og vurdering av konsekvens for mange av forslaga. Har du innspel så ta kontakt med ein politikar nær deg – og gjerne Osterøy Venstre!
Dokumenta finn du her: https://www.osteroy.kommune.no/moete-i-formannskapet-onsdag-11-november.5812380-299036.html