Venstre gjorde særs gode val i alle setesdalskommunane i haust, og fekk inn to i kommunestyura både i Bykle, Valle og Bygland, mangla ein einaste slengarstemme på å få inn andremandatet i Iveland og kom tilbake igjen i kommunestyret i Evje og Hornnes etter pause i fleire periodar. I Birkenes kom også Venstre inn igjen i kommunestyret, med vegusdølen Ole Morten Vegusdal i både kommunestyre og formannskap. Laurdag møttes folkevalte for Venstre i Agderfylka på Revsnes, der kommunestyremedlem Torhild Austad ynskte velkomen og orienterte om viktige saker i Bygland. Dei nyvalte formannskapsmedlemene Tone Lise Avdal i Bykle og Ole Morten Vegusdal i Birkenes innleia til samtale om å vere folkevalt. Utover dagen var det innleiingar, opplæring og samtalar om å arbeide med skolar og barnehagar, helse og omsorg, kommuneplanarbeid og budsjett i kommunane. Den lokalpolitiske nettverkssamlinga på revsnes samla folkevalte frå Farsund i vest til Risør i aust. Venstre har medlemer i dei fleste kommunestyra, og har nå både tre varaordførarar og medlemer i begge fylkesutvala i Agderfylka. Dette gir den enkelte folkevalte for Venstre eit solid kontaktnett for å få stadig betre gjennomslag for viktige Venstresaker.