Mange frå Birkenes på samling på Revsnes

Frå venstre Irene Kaspersen, Kristine Foss, Mariane Sønju Hagestad, Sara Sægrov Ruud, Ole Morten Vegusdal og Petter Toldnæs, Jan Kløvstad
Frå venstre Irene Kaspersen, Kristine Foss, Mariane Sønju Hagestad, Sara Sægrov Ruud, Ole Morten Vegusdal og Petter Toldnæs
Frå venstre Irene Kaspersen, Kristine Foss, Mariane Sønju Hagestad, Sara Sægrov Ruud, Ole Morten Vegusdal og Petter Toldnæs

Birkenes Venstre stilte med fire utsendingar på den store samlinga for folkevalte og tillutsvalte i Agder Venstre på revsnes i helga. I Birkenes kom Venstre inn igjen i kommunestyret, med Ole Morten Vegusdal i både kommunestyre og formannskap.Venstre gjorde særs gode val i alle setesdalskommunane i haust, og fekk inn to i kommunestyra både i Bykle, Valle og Bygland, mangla ein einaste slengarstemme på å få inn andremandatet i Iveland og kom tilbake igjen i kommunestyret i Evje og Hornnes etter pause i fleire periodar. Dei nyvalte formannskapsmedlemene Tone Lise Avdal i Bykle og Ole Morten Vegusdal innleia til samtale om å vere folkevalt. Petter Toldnæs frå Lillesand innleia om arbeidet med kommuneplanar. Utover dagen var det innleiingar, opplæring og samtalar om å arbeide med skolar og barnehagar, helse og omsorg, kommuneplanarbeid og budsjett i kommunane. Den lokalpolitiske nettverkssamlinga på revsnes samla folkevalte frå Farsund i vest til Risør i aust. Venstre har medlemer i dei fleste kommunestyra, og har nå både tre varaordførarar og medlemer i begge fylkesutvala i Agderfylka. Dette gir den enkelte folkevalte for Venstre eit solid kontaktnett for å få stadig betre gjennomslag for viktige Venstresaker.

Frå Birkenes stilte lokallagsleiar og medlem i tjenesteutvalget Marianne Sønju Hagestad, den aktive mangeårige politikaren Kristine Foss, Irene Kaspersen og formannskapsmedlem Ole Mlorten Vegusdal. På bildet er dei saman med fylkesutvalsmeldem og landsstyremedlem Sara Sægrov Ruud frå Risør.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**