Ulvik Venstre har 4 representantar i heradsstyret den komande perioden 2015 – 2019. Håkon Gjerde, Ingrid Sponheim, Anders Kristoffer Oppheim og Oddmund Jordal vart valde inn i denne rekkjefølgja. 1. vara er Sigrun Uppheim og deretter kjem Britt Madli Manger, Jostein Thorsen, Øystein E. Hide, Solveig S.H.Uppheim, Idar Vestrheim og Wilma van Manen. Ulvik Venstre si liste fekk 25,3% av stemmene som er ein tilbakegang på rundt 8%. Me er likevel nest største partiet i heradsstyret.