Vik fengsel er inne i Venstre sitt budsjett!

Frå venstre: Venstre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn, Leiar i Vik Venstre Morten Holmberg og Venstre sitt medlem i finanskomiteen, Terje Breivik., Foto: Vigdis Tonning

Sogn og Fjordane Venstre og stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn held lovnaden frå valkampen.

Det vart tysdag klart at Venstre legg inn 42 mill. kr til utbygging av Vik fengsel i sitt alternative statsbudsjett for 2016. Summen dekkjer heile den planlagde utbygginga som vil gje 30 nye fengselsplassar. Utbygging betyr også vel 20 nye arbeidsplassar til Vik. Dette er utflytting av statlege arbeidsplassar til distrikta i praksis. Desse arbeidsplassane er godt nytt for heile regionen.

«Eg er særs glad for at dette er på plass i vårt alternative budsjett» seier stortingsrepresentant for Venstre frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn. Sidan det no ligg i vårt budsjett betyr det at utbygginga av Vik fengsel vert løfta inn i drøftingane med regjeringspartia. Vårt medlem i Finanskomiteen, Terje Breivik, vil ha dette på blokka når statsbudsjettet skal syast saman i Stortinget».

Leiar i Vik Venstre, Morten Holmberg, meiner dette er godt nytt, og han kryssar fingrar for at det kjem gjennom forhandlingane og vert ein del av det endelege statsbudsjettet. «Venstre har jobba systematisk for Vik fengsel i mange år – heilt sidan Odd Einar Dørum var justisminister.» seier Holmberg. Han er særs glad for dei arbeidsplassane dette inneber, både i utbyggingsperioden og ikkje minst etterpå. Det er kompetansearbeidsplassar som regionen treng.

Også fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang, er særs glad for desse nyhenda. «Sogn og Fjordane Venstre har vore klar på at dette er så viktig, at vi ville prioritere det som innspel til Venstre sitt alternative budsjett. Dette er noko vi har jobba med lenge, og med eit samrøystes vedtak på fylkesårsmøtet sist vinter, var det sjølvsagt at dette måtte løftast opp til stortingsgruppa» seier Gunhild Berge Stang, som også sit i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane for Venstre.

 

 

For meir info kan desse personane kontaktast:

Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant for Venstre, Sogn og Fjordane

Mobil 951 46 487

E-post: [email protected]

 

Morten Holmberg, leiar Vik Venstre
Mobil 917 26 176
E-post: [email protected]

 

Gunhild Berge Stang, leiar i Sogn og Fjordane Venstre

Mobil: 976 53 785

E-post: [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**