Laurdag 31. oktober kl 1000-1800 møtest vi på Revsnes Hotell, Byglandsfjord.
Agder Venstre spanderer mat og materiell, lokallag/deltakarane tar seg av reiseutgiftene.
Påmeldingsfrist er førstkomande fredag 23. oktober kl 1800 til [email protected].
Detaljprogrammet er nesten klart, oig vil blant anna innehalde:
Å vere folkevalt – med fleire folkevalte som innleiarar
Budsjettarbeid i kommunestyret – ved varaordførar Per Olav Skutle, Lindesnes
Arbeidet i planutval/kommuneplanutval/
Arbeidet i oppvekstutval/skoleutval – innleiar ikkje klar ennå
Effektivt lynkurs i å oppdatere heimesida og bruk av facebooksider, for eksempel endre frå presentasjon av listekandidat til kommunestyremedlem…. – ved opplæringsutvalet i Agder Venstre og varaordførar June Marcussen, Tvedesdtrand.
Alle deltakarar får «koke/oppskriftshefte» om arbeidet med lokale miljøsaker og barnehage/skolesaker, heftet Venstres lille grønne, hefte med reglement om kommunestyrearbeid og ein pen miljøvennleg bærepose med Venstrelogo på.
Og viktigast av alt: Vi blir kjente med kvarandre og saman blir vi enda betre som folkevalte.