Ordførarnettverk til Venstre

Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo her saman med dei fem andre Venstre ordførarane., Foro: Venstre

Venstre arrangerte Landskonferanse på Gardermoen 17. og 18. oktober. Her var alle ordførarane etter valet samla, og Sogn og Fjordane Venstre stilte med sine to ordførarar, Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Alfred og Gunhild er to av Venstre sine totalt sju ordførarar. Under Landskonferansen i helga var dei samla for folkevaldopplæring. Saman med totalt 33 varaordførarar er alle med i eit nasjonalt ordførarnettverk.

Dei andre varaordførarane frå Sogn og Fjordane Venstre som deltok var Gunnar Osland frå Askvoll, Jan Henrik Nygård frå Flora og Torstein Tvinnereim frå Stryn. Trude Risnes frå Leikanger kunne ikkje delta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**