Olav Kobbeltveit medlem av formannskapet

Foto: Skurtveit

I det konstituerande møtet til kommunestyret 15. oktober, vart representantane til Venstre valt til følgjande posisjonar:
Olav Kobbeltveit: Fast medlem i formannskapet
Brith Ediassen: 1. varamedlem til formannskapet
Tore Turøy: 1. varamedlem til komite for plan og utvikling
Hege Hovland: 1. varamedlem til komite for drift og forvalting.
Liv Strømme: 3. varamedlem til komite for plan og utvikling
Espen Elstad: 7. varamedlem til kontrollutvalet
Odd Ivar Ølnes: 6. varamedlem til klagenemnda

Denne fordelinga er eit resultat av eit valteknisk samarbeid med Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne. Monica Alvheim frå MDG og Johannes Kobbeltvedt frå Sp vert faste medlemmer av høvesvis komite for drift og forvalting og komite for plan og utvikling.

På biletet: Tore Turøy, Brith Ediassen og Olav Kobbeltveit.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**