Vel blåst valkamp!

Valkamp 2015 Osterøy, Kjersti I. Vevatne

Etter ein lang valkamp og lange forhandlingar er me glade for å kunne slå fast at vår kandidat Kjersti I. Vevatne får plass i formannskapet dei neste fire åra. Der skal ho mellom anna samarbeida med kommunen sin nye ordførar Jarle Skeidsvoll frå Krf. Kjersti sit sjølvsagt og i heradsstyret og går ein travel politisk haust i møte. Ho får god hjelp frå eit godt og aktivt lokallag. Me takkar for spennande veker, for mange kjekke samtalar både med veljarar og med politikarar, og ser fram til mykje god og grøn sentrumspolitikk på Osterøy!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**