Gunhild er historisk!

Foto: Fjaler Venstre

Gunhild ordførar

Måndag 1. oktober blir ein merkedag i Fjaler-soga. For første gang er ei kvinne vald til ordførar i Fjaler. Med røystene frå Ap, Høgre, Venstre og Sv fekk Gunhild Berge Stang tillit som ny ordførar etter Arve Helle. Samtidig er det heile 48 år sidan sist Venstre hadde ordføraren i Fjaler.

Gunhild Berge Stang oppnådde 13 røyster, mens motkandidaten Kjetil Felde (Sp) fekk 10 røyster. Deretter vart Nina Yndestad (Ap) vald til varaordførar for komande periode – med Anne Hopland (Sp) som motkandidat.

Gunhild seier i ein kommentar at ho både er glad, stolt og audmjuk over å ha blitt ny ordførar i Fjaler. “Faktisk var eg meir nervøs i dag enn det eg brukar å vere når eg går på Stortingets talarstol. Eg takkar for tilliten og lovar å stå på til beste for Fjaler-samfunnet dei neste fire åra. Dessutan er det viktig for meg å få til eit godt og konstruktivt samarbeid i det nye kommunestyret.”

Det nye formannskapet i Fjaler ser slik ut etter konstitueringa i kommunestyret:
Gunhild Berge Stang (V), Nina Yndestad (Ap), Kjetil Fristad (Ap), Odd Helge Aase (H) , Kjetil Felde (Sp), Anne Hopland (Sp) og Hans Stav (Krf).

Kontrollutvalet er samansett av Magne Norddal (Sp) leiar, Randi Engen (Sp), Geir Tessem (Ap), Sølvi Ann Solheim Løkkebø (V) og Anny Mari Holm Solheim (H) med Egil Furenes (MDG), Giske Norddal (Sp) og Leif Jarle Espedal (Ap) som varafolk.

I det nye administrasjonsutvalet sit Kjetil Fristad (Ap) leiar, Nina Yndestad (Ap), Odd Helge Aase (H), Hans Stav (Krf) og Anne Hopland (Sp). Vara folk er Gunhild Berge Stang (V) og Kjetil Felde (Sp). Utvalet skal supplerast med medlemmer frå arbeidstakarorganisasjonane.

Det nye kommunestyret valde også ny kommunal valnemnd. Richard Skår (V), Joachim Janninge (SV), Kjetil Fristad (Ap), Eivind Antonisen (H), Hans Stav (Krf), Mark Taylor (MDG) og Kjartan Åsnes (Sp). Ei mannsdominert valnemnd – med andre ord.

Som utsending frå Fjaler til Kommunenes Sentralforbund (KS) sitt fylkesmøte vart Gunhild Berge Stang (V) vald, med Nina Yndestad (Ap) som varautsending.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**