Å få «slengarar» er å få stemmer frå veljarar av andre parti. Å få mange slengarar viser tillit langt utover eige parti. Her er lista over dei som fekk flest slike slengarstemmer i kommunevalet i Birkenes 2015:
1 Ole Morten Vegusdal, Venstre 72 ( Venstre fekk heile 11,6% av stemmene i Engesland krets)
2 Anne Kari Birkeland, Kristeleg folkeparti 59
3 Odd Gunnar Tveit, Framstegspartiet og Anders Topland, Senterpartiet 39
5 Gunnar Høigilt, Høgre 38
6 Anders Christiansen, Arbeidarpartiet 37
7 Arnt Olav Furholt, Sengterpartiet 33
8 Peter Ross, Høgre 31
9 Alfred Kylland, Senterpartiet 30
10 Iren Sommerset, Sosialistisk Venstreparti 29
Valresultatet viser at det var svakt med kvinnerepresnetasjon på fleire lister, og at valresultatet blei enda skeivare kjønnsfordelt enn partilistene. Det var flest menn som fekk både tilleggstemmer av eigne partiveljarar og av andre veljarar.
Jan Kløvstad, fylkessekretær