Eit valteknisk samarbeid mellom Venstre, Høgre og Ap i Granvin sikrar Ingebjørg Winjum ordførarjobben i fire nye år.
– Eg synest det er veldig kjekt at det løyste seg, for eg har hatt lyst på ein periode til. Det har vore veldig gjevande å ha dette vervet, seier Winjum til Avisa Hordaland.