Klar til innsats!

Foto: Fjaler Venstre

Hogne, Gunhild og Richard

Den nye kommunestyregruppa til Fjaler Venstre er klar til innsats. Fin-tellinga viste at den nye gruppa for perioden 2015-2019 blir samansett av Hogne Kvangarsnes, Flekke, Gunhild Berge Stang, Dale og Richard Skår frå Dale.

Sjølv om valvinden ikkje heilt bles Venstre sin veg under årets kommuneval, klarte likevel partiet å erobre tre mandat i det nye kommunestyret – det same som i forrige periode. I alt 10,9% av veljarane stemte på Venstre – ein liten tilbakegang frå valet i 2011 på 1,6%.

På varaplass til kommunestyret finn vi Arne Osland, Laila Svorstøl, Sølvi Ann Solheim Løkkebø, Ellen Kristin Høiseth Eiken, Christoffer Stølen og Yngve Åsnes.

Fjaler Venstre takkar alle som har støtta opp om Venstre i valkampen og brukt Venstre-lista ved årets kommuneval. Tre mandat er eit godt utgangspunkt for å kunne markere Venstre på ein positiv måte i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**