Gunhild Berge Stang ny ordførar i Fjaler

Fotograf Vidar Helle

Gunhild Berge Stang

Vi gratulerer! Den nye ordføraren i Fjaler dei fire neste åra blir Gunhild Berge Stang frå Venstre. Ho tek over etter Arve Helle (Ap), og blir dermed den første kvinna i ordførarstolen i Fjaler gjennom tidene – og den første Venstre-ordføraren i kommunen sidan 1967.

 

Svært få hadde vel på førehand tenkt seg at Venstre skulle bli med i kampen om ordførar-vervet i Fjaler. Men då partiet kom i ein nøkkelposisjon etter valet – samtidig som Ap gjekk attende med fire mandat, fann den nye Venstre-gruppa ut å ville fremje Gunhild Berge Stang som ny ordførar. Etter ei kjapp og konstruktiv forhandlingsrunde tysdag kveld mellom Venstre, Ap og Høgre var fleirtalet sikra – og avtalen i hamn. Nina Yndestad frå Ap blir ny varaordførar.

 

Gunhild Berge Stang seier i ein kommentar at dette var over all forventning. “Men eg takkar for tilliten. I politkken gjeld det å ta utfordringane når sjansen byr seg, og eg er veldig motivert for jobben.”

Gunhild måtte sjølvsagt gå nokre rundar i tenkeboksen. Men då ho fekk klarsignal i heimen, var ho ikkje i tvil om å takke ja.

“Eg sette eitt politisk krav for å ta på meg ordførarvervet – nemleg at grendaskulen på Guddal skal oppretthaldast. Og dette fekk eg og Venstre gjennomslag for i samarbeidsavtalen med Ap og Høgre,” seier Gunhild.

 

“Dei økonomiske utsiktene i Fjaler gir ikkje grunnlag for rause lovnader og prangande programerklæringar. Men eg lovar å gjere mitt ytterste – og stå på barrikadane til beste for innbyggarane i Fjaler, “ avsluttar Berge Stang – som må vente til 1. oktober før konstituering og ordførarval er offisielt unnagjort.

 

Gunhild Berge Stang er i tillegg vald inn i det nye fylkestinget – og vil også få plass i det nye fylkesutvalet. Dessutan er ho 1. vara til Stortinget. Ho har såleis mange arenaer der ho kan fremje god Venstre-politikk og arbeide til beste for Fjaler sine interesser. Gunhild er 41 år gammal, kjem opphaveleg frå Askvoll og Stongfjorden, men har budd i Dale sidan i fjor sommar.

Vi ynskjer Gunhild hjarteleg til lykke med ordførar-vervet i Fjaler!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**