God utteljing i forhandlingar etter valet

Fotograf Vidar Helle

Sogn og Fjordane Venstre har fått god utteljing etter forhandlingar etter valet rundt i fylket. På landsbasis har Venstre no 6 ordførarar og 23 varaordførarar. I Sogn og fjordane har vi 2 av ordførarane og 5 av varaordførarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Alfred Bjørlo held fram som ordførar i Eid kommune og Gunhild Berge Stang vart vald som ordførar i Fjaler. Ho er den første kvinnelege ordføraren i Fjaler.

Dei fem varaordførarane i Sogn og Fjordane er:

Gunnar Osland, Askvoll, Kåre Jarl Langeland, Bremanger, Trude Risnes, Leikanger, Torstein Tvinnereim, Stryn og Jan Henrik Nygård frå Flora. Jan Henrik var varaordførar i førre periode også.

Heile oversikta over ordførarar og varaordførar i Venstre finn du i denne lenka.

På fylkestinget fekk Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo fast plass i fylkestinget. Vararepresentantar er Daniel Gangeskar, Marianne Øren og Klaus Iversen.

Gunhild har fått fast plass i fylkesutvalet. I samband med konstituering til fylkesutvalet stiller Høgre, Venstre og Framstegspartiiet følgjande liste: Høgre og Venstre fast plass. Varaliste:Framstegspartiet, Høgre, Venstre, Framstegspartiet. Dei same partia skal samarbeide etter same mal i samband med hovudutval.

Varaordførar i Askvoll, Gunnar Osland
Varaordførar i Askvoll, Gunnar Osland

Varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim

Varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim

Varaordførar i Bremanger, Kåre Jarl Langeland
Varaordførar i Bremanger, Kåre Jarl Langeland

 

Varaordførar i Leikanger, Trude Risnes
Varaordførar i Leikanger, Trude Risnes
Varaordførar i Flora, Jan Henrik Nygård
Varaordførar i Flora, Jan Henrik Nygård

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**