Radøy Venstre si nye kommunestyregruppe

Frå venstre: Frode Hervik og Ståle Villanger, Bård Mangerøy

Radøy Venstre gjorde eit godt val i Radøy med 8,8% av røystene, og var det partiet som fekk fjerde mest røyster. Det heldt likevel berre til to kommunerepresentantar som i dag.

-Me er mellomnøgde med valresultatet, og vil takke alle som har røysta på oss. Isolert sett er 8,8% eit svært bra resultat for Venstre som har vorte lagt merke til, men me hadde håpa på tre representantar, seier Frode Hervik (38), den eine av Radøy Venstre sine to kommunerepresentantar.

Hervik vore ein periode i kommunestyret, og går no på sin andre periode. Den andre kommunestyrerepresentanten er Ståle Villanger (36), som er ny i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**