Vi gratulerer Olav Kobbeltveit og Brith Ediassen med plass i kommunestyret i Fjell! Mange takk til alle som har røysta på Fjell Venstre ved valet i år!
Olav og Brith vil stå på for å gjennomføra mest mogleg av politikken vår dei neste fire åra. Resultatet for Venstre i Fjell ser ut til å bli 4,8 prosent av røystene. Dette er ein liten auke frå 2011. Dette sikrar at vi held fram med to representantar, trass i at storleiken på kommunestyret er redusert i forhold til førre periode. I dei ulike valkrinsane gjorde Venstre det best i Skålvik (6,7 prosent), Ulveset (6,6), Kolltveit (6,3) og Brattholmen (5,4).