Mange “slengjarar” til Venstrekandidatane

Foto: Skurtveit

Finteljinga av røystene viser at førstekandidaten til Fjell Venstre, Olav Kobbeltveit, er ein populær mann også mellom veljarane som røysta på andre parti. Kobbeltveit fekk heile 97 “slengjarar”, langt fleire enn nokon andre kandidatar som stilte til val. Også Tore Turøy, som har representert Venstre i kommunestyret i to periodar, nyt respekt hjå ein vidare krins enn dei som røystar Venstre. Han fekk 46 “slengjarar”. Saman med mange personrøyster frå Venstreveljarane gjer dette at han rykte opp frå niande til tredje plass på lista. Han vert dermed første varamann for Venstre i perioden som ligg framfor oss.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**