Den dagen all politisk debatt i fylket handlar om tapskompenasjon og vi trur at fylket si framtid står og fell på tapskompensasjonen, då har vi tapt. Det er viktig for Venstre å få på plass ei tapskompensasjonsordning for fylket vårt dei komande åra, for å unngå dramatiske kutt i tenestetilboda våre, ikkje minst dei vidaregåande skulane. Men, det er endå viktigare for oss at det blir først ein politikk som tek tak i handlingsrommet vi har for å få til ei betre folketalsutvikling. Det gjev meir inntekter til fylket til å drive skule, skape velferd, bygge vegar og drive næringsutvikling. Det er også viktig for rekruttering. Det er meir folk som fyller skulane våre med ungar, som gjev oss nok lærarar og nok sjukepleiarar til å ta vare på ei stadig veksande eldregenerasjon.
Eg meiner at dette valet er eit retningsval der vi må vere villige til å gjere nokre tydelege prioriteringar og nye grep. Vår største utfordring er å få ungdomen til å velje Sogn og Fjordane, difor vil vi prioritere utdanning og alle tiltak som er ungdomsretta
Det er sjølvsagt ekstremt viktig at vi oppmuntrar ungdomen vår til å velje yrkesfag og utdanne seg til det næringslivet vi har i fylket. Og programmet til Venstre viser at dette er noko vi tek på stort alvor.
Men, det er ikkje nok. Vi veit at 60-70% av ungdommen vår tek høgare utdanning, og jentene dominerer i denne gruppa. Vi må ta opp kampen om desse! Det gjere vi ikkje berre ved å be dei tilpasse seg arbeidsmarknaden vår, men ved å fornye og utvide arbeidsmarknaden vår og slik gjere den attraktiv for dei. Difor går Venstre mellom anna til val på at vi skal flytte ut 500 nye statlege arbeidsplassar til Sogn og Fjordane innan 2020, og det einaste som kan torpedere det, er at Arbeiderpartiet kjem til makta i 2017. Ei langt sterkare satsing på framtidas næringsliv, basert på grøne ressursar som grøn energi, matproduksjon med høg kvalitet og marine ressursar vil vere endå meir strategisk viktig. Venstre er ikkje imot gruvedrift i Førdefjorden, men meiner vi ikkje skal setje maritime ressursar på spel, og er difor i mot at næringa skal få dumpe avfallet sitt på sjøen.
Venstre er eit grønt og sosialt parti i sentrum for norsk politikk. Det verste for klima og miljø er at miljøpolitikken ikkje er ein del av ein heilskapleg politikk. Menneskeverd og like moglegheiter for alle, er grunnleggande verdiar som også ligg til grunn for vår evne til å verdsette miljøet. Eg er tvers gjennom usamd med økonomiprofessor Jørgen Randers som meiner at diktatur er ein føresetnad for å stanse klimaendringar! Eg er tvers gjennom glad for at vi som rikt land har ressursar til å opne dørene våre for syriske flyktningar, eit heilt folk som er på flukt frå naud, forfølging og krig. Miljøet er avhengig av ein god næringspolitikk og sosial utjamning. Venstre er kjend for å vere eit miljøparti og ein parti for små og mellomstore bedrifter. Ynskjer du eit parti som klarar å kombinere god miljøpolitikk, god næringspolitikk og god sosialpolitikk, så stemmer du Venstre.
Godt val!