SKODJE Venstre ønsker at også SKODJE deltek i den nasjonale dugnaden i ein heilt ekstraordinær situasjon.
Skodje Venstre er uroa over den auka straumen av flyktningar som no når Europa og vi meiner at Norge har eit soleklart ansvar for å auke sin innsats både ute og ved å ta i mot fleire flyktningar her heime.
Skodje Venstre med interpellasjon til kommunestyret 22-september 2015:
Forslag til vedtak:
Skodje kommune gjer ein ekstra innsats for auka busetjing av flyktningar i den ekstraordinære situasjonen som no har oppstått.
Målsetjinga er busetjing av 15 ekstra flyktningar før jul 2015.
For å oppnå dette målet ber vi administrasjonen om raskt å utgreie korleis dette kan gjerast mogleg – og kva som må til for å klare det.
Kommunen må legge til rette slik at dugnadsånda får sleppe til i arbeidet med å tilrettelegge for mottak av fleire som treng vår hjelp.
Sak om busetjing av flyktningar må leggast fram til neste kommunestyremøte.
Utradisjonelle grep som kan nyttast kan vere:
«Lån ein skøyebygdar på biblioteket» kan tilretteleggast for rask og nyvinnande integrering i lokalsamfunnet.
Vertsfamiliar – dei som har eit ledig rom kan melde seg til f.eks tilfluktshjelpen.no eller andre liknande databasar, evt til kommunens flyktningeteneste.
Vurdere å gi kommunale tilskot til dei som kan tekje seg å bygge om bustaden sin for å gi husrom for flyktningar (mot å skrive langsiktig avtale med kommunen om leige).