Yrande liv på Hanehaug

Leikanger Venstre vil utvikle Hanehaug til eit fjordnært og levande bumiljø., Dag Digernes

For nokre år tilbake blei dei folkevalgte i Leikanger utfordra av bebuarar i Hanehaug-området: Kva vil de med Hanehaug? Og spørsmålet blei stilt med rette!

Ei salig blanding av offentleg kaiområde, parkering, busshaldeplass, bustader, reiselivsverksemd, bilverkstad og lakkeringsverksemd er det som møter deg på Hanehaug i dag. Slik bør det ikkje vere og slik treng det framover heller ikkje bli!

Leikanger Venstre er nøgde med at kommunen no er ferdig med nytt næringsareal på Kvålen og kan tilby tenlege område for nærings- og industriell verksemd der. No meiner vi at tida er komen for å sette ein områdeplan for Hanehaug på sakskartet. Og lat oss for ein gong skuld vere litt visjonære! Lat oss invitere gode fagmiljø og bygdefolk inn i ein felles diskusjon om kva vi vil med Hanehaug!

Lat oss tenkje nytt rundt eit skjerma og fjordnært område, i trygg sykkel- og gåavstand til ungdomsskule, arbeidsplassar, kommunale tenester og andre senterfunksjonar. Lat oss gjere grep som kan ta kultur- og hagelandskapet i området tilbake, vekk frå villniss , brunsniglar og vekkgøymde gåter. Lat oss sjå på strandlina og korleis vi best kan balansere ulike omsyn og behov. Lat oss no bestemme oss for kva vi vil med Hanehaug!

Godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**