Radøy kommune må bidra til kunstgras på Bø

Frode Hervik

Hordabø IL har søkt Radøy kommune om tilskot. No kjem administrasjonen med ei politisk sak til formannskapsmøtet 15.9 med innstilling på å avslå søknaden.

– Radøy Venstre er klår på at Radøy kommune må bidra økonomisk til realisering av den nye kunstgrasbana, og vil fremje forslag om at det vert nytta 650.000 i investeringsmidlar til Hordabø IL mot at det vert inngått ein leigeavtale som sikrar kommunen høve til å nytte anlegget i Hordabø Idrettspark, seier Frode Hervik, formannskapsmedlem for Radøy Venstre.

-Det viktigaste er å løyse saka, og dersom det skulle vere gode argument frå administrasjonen si side for å heller inngå ei leigeavtale over driftsbudsjettet, så kan Venstre alternativt også støtte det. Sidan alle prosjekta i investeringsbudsjettet ikkje vert gjennomført i år, verkar det likevel i utgangspunktet mest fornuftig å ta midlane derifrå, seier Hervik.

På grunn av ei gåve er finansieringsbehovet 300.000 mindre enn det Hordabø IL søkte om, noko som betyr at det er nok at kommunen bidrar med 650.000.

-Kunstgras er i dag heilt avgjerande for at ein skal kunne drive med fotball heile året. Tida har løpt frå dei gamle grusbanane, og ein ny kunstgrasbane på Bø vil vere eit kjempeløft for barne- og ungdomsidretten og Radøy-fotballen, fortset Hervik.

-Når eit aktivt idrettslag ynskjer å få til noko, må kommunen vere ein medspelar, og her har ein høve til å få etablert ein flott kunstgrasbane med ein relativt sett liten del kommunal medfinansiering, avsluttar Hervik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**