Kva type miljø- og klimatiltak kan ein liten kommune gripe tak i – dette er jo store spørsmål som gjerne krev store svar?
Leikanger Venstre meiner vi lokalt kan bidra med fleire tiltak som vil gagne innbyggjarane på fleire frontar. Vi meiner at på ein stad som Leikanger må vi kunne leggje til rette for, og stimulere langt fleire til å gå og sykle til jobben. Dette ønskjer vi både med å leggje til rette for fleire gangstiar, gåter og stiar mellom buområda og skule/sentrum og ved at innbyggjarane skal kunne låne el-syklar frå Leikanger Utstyrssentral.
Vi ønskjer også å konsentrere bustadutbygginga til områder der det er mogleg å gå/sykle for å kome seg til sentrum/skule. Og vi vil få til ei betre utnytting av allereie utbygde område, og spare dyrka mark. Samstundes må vi tore å løfte fram det store dilemmaet det er at mykje av den beste landbruksjorda på Leikanger, ikkje blir dyrka, samstundes som frukt- og bærnæringa ønskjer seg meir areal å utvikle seg på. Vi må ta den politiske diskusjonen og stimulere til at meir dyrkbar jord kjem i bruk.
Ein av dei store oppgåvene for dei nye folkevalgte i Leikanger er å revidere arealplanen. Denne bestemmer korleis arealbruken skal vere dei neste 10 åra. Venstre ønskjer å setje sitt preg på planen, du kan hjelpe oss med di stemme.
Godt val!