Kommunesamanslåing – kva meiner Leikanger Venstre?

Kommunesamanslåing, men ikkje for ein kvar pris, Dag Digernes

Kommunesamanslåing er ein av dei store spørsmåla dei nye folkevalgte skal ta stilling til: Er Leikanger best tent med å møte framtida som ein sjølvstendig kommune, eller bør vi gå inn i ein ny, større kommune? Leikanger Venstre er aktivt med i utgreiingsarbeidet som blir gjort. Og vi vågar å seie at vi trur tida er her for ein ny og større sognekommune. Leikanger Venstre meiner at:

  • Ein større sognekommune vil stå sterkare i å få tak i og halde på fagfolka vi treng i dei kommunale tenestene framover. Det vil styrke tilgjengelegheit, nærleik, fleksibilitet, fagleg tryggleik og likebehandling i tenestetilbodet. «Kvardagstenestene» er til for folk og må riggast for folk. I dag kan derimot kommunegrenser stenge for gode løysingar og større valfridom. Bur du på Hafslo og arbeider i Leikanger, vil du kanskje ønskje fastlegen din i Leikanger? Vi er ein felles bu- og arbeidsmarknad – kanskje valfridom i tenestetilbodet også skulle reflektere dette? Vi meiner at ein større sognekommune har betre føresetnader for å sikre eit tenestetilbod i tråd med framtidas krav og forventningar.
  • Ein større kommune vil gjere samhandlinga enklare og regionen meir strategisk slagkraftig. Vi meiner det er enklare å få til dei store, viktige sakene viss den naturlege bu- og arbeidsmarknaden også er under ein politisk paraply. Det er betre med ei sterk og kraftig stemme, enn fleire små – som heller ikkje alltid syng same melodien. Næringslivet og kommunen vil også dra nytte av samordning. Til dømes vil vi spare tid og ressursar om eit arbeid kan gjerast ein gong, framfor gjentakande parallelle prosessar slik vi gjer i dag. Vi meiner ein større kommune er ei styrke for samfunnsutviklinga i Leikanger og Sogn.
  • Lokaldemokratiet kan få ny kraft, med fleire oppgåver til kommunen, meir heilskapleg styring hjå dei folkevalgte og «rett avstand» mellom folkevalgt og innbyggjar. Ombodsrolla skal vere enkel å fylle, men ikkje utnytte.

Vi trur ikkje ei kommunesamanslåing gjev evig frelse og svar på alt. Samstundes trur vi heller ikkje på profetiane om dommedag. Derimot meiner vi at det alltid løner seg å vere framoverlente og sjølve ta grep om eiga utvikling. Der vil Leikanger Venstre vere – også i spørsmålet om korleis vi best bør organisere kommunen vår i framtida.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**