Kommuneøkonomien i Bø – svar til Bø Arbeiderparti

Evy Beate Tveter

Bø Arbeiderparti har eit lengre lesarinnlegg i siste Bø blad som krev litt korrigering.

For fire år sidan, da Venstre og samarbeidspartia SV, H og KrF overtok leiinga av Bø kommune, kunne det synast som om økonomien var i balanse, og vi la eit budsjett for 2012 i samsvar med dette. Mellom anna fekk skulane auka budsjetta sine slik at dei kunne tilsette fleire lærarar. Det var derfor eit sjokk da rekneskapstala for 2011 blei offentlege, og viste eit underskot på heile 7.6 mill kroner! 2011 var det siste året Ap satt ved makta. Dette gløymer AP å fortelje når dei skal beskrive den økonomiske utviklinga i Bø kommune.

Det er rett at eigedomsskatten har auka , men Ap gløymer å fortelje at det var brei semje om at denne auken var heilt nødvendig for å kunne bygge og drifte ny sjukeheim. Ny sjukeheim og omsorgsbustader var det heilt nødvendig å bygge, da den gamle var nedslite.

Så er det rett at i 2009 kom Bø kommune ut av ROBEK. Og kva var så årsaka til at det dette året gjekk så mykje betre? Svaret er at drifta var like dyr som før, men pga bygging av Bø skule fekk ein stor refusjon av meirverdiavgift. Dette er pengar som ein berre får ein gong, og som blei bruka til nedbetaling av tidlegare års meirforbruk, utan at det blei gjort grep for å få drifta i samsvar med inntektene. Det blir omtrent det same som å oppretthalde eit forbruk ein ikkje har råd til med kredittkort.

I dei siste fire åra har staten lagt mange nye oppgåver til kommunane. Nesten utan unntak er desse oppgåvene ikkje fullfinansiert frå staten. Eksempel på ei slik oppgåver er samhandlingsreforma, som betyr at kommunen må drifte fleire helsetenester. Eit anna eksempel er barnehagane som staten tidlegare finansierte direkte.

Sist må det slåast fast at det har vore eit samla kommunestyret som i økonomiplanen har lagt opp til at 2016 skal vera siste året på ROBEK. Utbetaling av skjønnstilskott på 2. 5 mill frå Fylkesmannen er avhengig av at vi gjer vårt yttarste for å halde budsjettet.

Så skal vi vera ærlege på at kommuneøkonomien er svært utfordrande, og vi kunne ynskje oss betre tal. Omstilling tek tid og ingen kan bruke meir pengar enn ein har. Som eit døme kan ein vise til Tinn kommune, som har om lag like mange innbyggarar som Bø. Tinn har eit budsjett på 650 millionar kroner, Bø har eit budsjett på 300 millionar.

Vi har opplevd at det har vore stor einighet, også frå Ap si side , om dei vegvala som er gjort i denne 4 års perioden for rette opp økonomien. La oss fortsette med det også i neste periode.

Olav Kasland
Ordførar
Ordførarkandidat Bø Venstre

Bergit Askildt Myrjord
Formannskapsmedlem
6.kandidat Bø Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**