Bø Venstre har ein politikk for dei fleste område som kommunen har ansvar for. Miljøpolitikken vår er heilt sentral og skal vere overordna. Den forpliktinga har me som samfunn tatt på oss i og med at Stortinget har sagt at me skal redusere klimautsleppa med 40 % innan 2030.
I Bø er det gjort fleire gode miljøtiltak. Eitt eksempel på dette er at me har eit miljøvenleg flisfyringsanlegg som gjev oppvarming til mellom anna Høgskulen, Gullbring, Bø skule og den nye sjukheimen. Gang- og sykkelvegar har blitt kjempa igjennom politisk, nå sist den flotte g/s-vegen til Sommarland. Vidare har Bø Venstre vore sentrale i å få nesten dobla avgangane på Sørlandsbanen, som eit viktig tiltak for å få folk til å velje tog framfor bil. Fortetting av sentrum, og ikkje tillate eit bilbasert kjøpesenter på utsida, er også eit viktig miljøtiltak
Så er me på ingen måte i mål. Bø Venstre har stått i spissen for fleire miljøtiltak, fleire av dei er nå i startgropa:
- Bygdepakke Bø. Heile prosjektet er eit omfattande miljøtiltak der målet er å få ned bilbruken og få folk til å bruke kollektivtransport, sykkel og beina meir
- Måndag 7. september signerte eg som ordførar ei avtala om Sykkelbygda Bø. Dette er ei avtale med Telemark fylkeskommune og Statens Vegvesen der ein skal satse på sykkel i Bø. Det finst fleire sykkelbyar i Noreg, men Bø er den einaste plassen i landet som har fått ei sykkelbygd avtale
- Det skal etablerast fleire ladestasjonar og hurtigladerar for el-bilar. Sannsynlegvis kjem dei fyrste allereie nå i haust.
- Bø kommune skal velje el-bilar der det er mogleg
- Bø Venstre skal jobbe for fleire gang- og sykkelvegar. Fremst i køen er vegen frå toppen av Langkåshaugen til Oterholt, men også g/s-veg mot Valen og Hørte. Statens Vegvesen må også få på plass ein g/s-veg mellom Mannebru og Gvarv
- Opprusting av Stasjonsvegen til 25 millioner kroner. Ein vesentleg del av dette prosjektet er å legge betre til rette for gåande og syklande
- Me skal ha miljøfokus i all arealplanlegging og verne matjorda vår
- Jobbe for at fleire Miljøtårn-sertifiserer seg, deriblant Bø kommune.
- Stimulere til frivillig initiativ, til dømes «Berekraftig liv i Bø».
Dette er nokre av dei heilt konkret miljøtiltaka Bø Venstre vil jobbe med i den neste fire års-perioden.
Olav Kasland
Ordførar
Ordførarkandidat Bø Venstre