Nordhordland er mest kjent for Mongstad, Norge sitt største punktutslepp av CO2, og at månelandinga vart eit mageplask. I Venstre er vi opptatt av Mongstad som katalysator for miljøforbetring , industriutvikling og ei meir miljøriktig oppdrettsnæring. To av dei spennande bedriftene i så måte er CO2BIO AS og TCM.
Stortingsrepresentant Terje Breivik, fylkesordførarkandidat Anne-Njærheim og listekandidat for Lindås Venstre, Rolf Nesheim, fekk tirsdag orientering om algepiloten som Universitetet i Bergen og CO2BIO AS har på trappene. Terje Breivik, som var arkitekten bak stortinget si heilt avgjerande løyving på kr 6 mill. til prosjektet, var nysgjerrig på kor i løypa ein no er. Dagleg leiar, Svein Nordvik, informerte om auka kostnader, men at ein i løpet av overskueleg framtid forventa ei positiv avgjerd på bygging av testpiloten. Om ein lukkast er potensialet enormt for forretningsutvikling, og eit svært miljøvenleg svar på dei framtidige fôrutfordringane oppdrettsnæringa står overfor.
TCM orienterte om ei veldig anerkjenning frå utanlandske selskap og myndigheiter. Dei har pågang frå fleire store selskap som vil testa. Sidan noverande partnarskapsavtale går ut i august 2017 er det viktig å avklara vidare drifts- og organisasjonsform snarast slik at det ikkje oppstår eit vakum som er uheldig for selskapet og mulige samarbeidspartnarar. Terje Breivik merka seg dette, og var klar på stortinget sitt anvar på å gi selskapet tilfredsstillande rammevilkår. Selskapet har ei særs viktig rolle i arbeidet med korleis vi kan redusera klimagassutsleppa i verden. Derfor er Venstre opptatt av å medverke til at selskapet får dei naudsynte avklaringane utan unødig opphald.