«Gagns menneske» – med Bø-skulen inn i framtida

Evy Beate Tveter

Bø Arbeidarparti hevdar feilaktig at Venstre har svikta skulen. Resultata på dei nasjonale prøvene aldri har vore betre, og SAMTLEGE elevar frå Bø ungdomsskule i 2014 byrja på vidaregåande utdanning – 100%! Som utvalsleiar for skule dei siste to åra har eg sett at føresette, lærarar, rektorar og administrasjonen har jobba hardt for å få til dei gode resultata i skulen.

Faga i skulen treng fornying for å møte framtida sitt kompetansebehov i arbeids- og samfunnsliv (NOU 2015:8 Fremtidens skole). For at skulegangen skal bidra til at elevane meistrar livet som privatpersonar, samfunnsborgarar og yrkesutøvarar, må skulen i samarbeid med heimen legge til rette for at elevane utviklar mange ulike kompetansar og ei god forståing av det dei lærer.

Dette samla synet på eleven si meistring på ulike område har Bø-skulen samla i omgrepet «gagns menneske». I praksis inneber dette å ha fokus ikkje bare på fagspesifikk kompetanse, men óg kompetanse i å lære, å kommunisere, samhandle og delta, og kompetanse i å utforske og skape på alle livets ulike arenaer, det vere seg idrett, kultur, samfunns- og yrkesliv.

Elevane utviklar kompetanse gjennom arbeid med faga. Bø Venstre vil ha fleire lærarar inn i skulen for å sikre tilstrekkeleg støtte til den enkelte elev sitt arbeid i skulekvardagen. Kanskje kan ei reform for å få til utvida og leksefri grunnskule bidra til å sikre at elevane har grunnlaget med seg for å fullføre vidaregåande skule? Bø Venstre ønsker å sjå nærare på dette alternativet. Undersøkingar syner at fullført vidaregåande opplæring er vegen inn til arbeidslivet for dei aller fleste. La det ikkje vere tvil – arbeid er eit av dei største goda me har! Det forhindrar sosial utstøyting, det gjev tilhøyrsle, meining, økonomisk tryggleik og ikkje minst respekt i dagleglivet. Grunnlaget blir lagt i barnehage og skule i dialogen mellom elev, føresette, assistentar og pedagogar.

Bø Venstre vil prioritere tidleg innsats i barnehage og skule for å legge til rette for eit godt skuleløp over tretten – 13 – år. All forsking viser at dette er ei fornuftig prioritering både fagleg, menneskeleg og økonomisk.

Me vil halde fram med å være ein aktiv skuleeigar som sikrar eit heilskapleg skuleløp frå barnehage til fullført ungdomsskule, der det er ein raud tråd frå det eine året til det neste. Her er me – dit skal me – og slik kjem me dit. Me held fokus på det som lyser i enden av skuleløpet – eit gagns menneske. Me kan love å vere eit parti som vil vere ein aktiv skuleeigar som legg andre praktiske rammer til rette for rektorar og lærarar, til dømes gjennom vidareutdanning og auka samarbeid mellom skulane som gjer at kvar enkelt elev blir fulgt opp i overgangen mellom skulane.

Ditt engasjement som føresett er eit viktig bidrag i Bø-skulen sitt arbeid med å skape gagns menneske. Skal me lykkast, må me alle dra i same retning.

Bø Venstre ser behovet for to barnehageopptak i året. Aller helst vil me ha eit fleksibelt opptak gjennom året – søk og få plass!

Gagns menneske – med Bø-skulen inn i framtida – krev at me prioriterer skulane i kommande fireårsperiode – og me treng di stemme for å få til dette.

Gje di stemme til Bø Venstre, og me vil satse på Bø-skulen sitt arbeid med å skape gagns menneske på alle livets arenaer.

Godt val!

 

Olav Lahus
Leiar, utval for oppvekst og kultur
3.kandidat Bø Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**