Frå reparasjon til førebygging med Venstre

Tidleg innsats og førebygging er godt for folk og gjev god samfunnsøkonomi., Marit Mellingen

Helse og omsorg er der Leikanger brukar mestedelen av ressursane sine i dag. Med aukande krav til tenestene, nye oppgåver og fleire eldre, må vi spørje oss sjølve: Korleis utvikle tilbodet til beste for innbyggaren? Korleis jobbe og prioritere, slik at den eine tenesta ikkje stryper kvaliteten i den andre?

Venstre meiner vi må tenke nytt – snu tankar, arbeidsmåtar, organisering og sjå folka det gjeld. Omsorgsløftet må handle om god avlastning av pårørande, førebyggande trening, føre-var-tilpassingar heime hjå folk og tidleg rehabilitering når ting skjer. Det må handle om å ta vare på den frivillige innsatsen frå lag og organisasjonar, og her meiner vi ein frivilligsentral er eit godt grep. Ikkje minst handlar omsorgsløftet om tilbodet til demente. Vi treng å auke dagsentertilbodet og søke meir tilpassa buløysingar for desse og andre grupper, der sjukeheimen ikkje er det rette.

Venstre tek sosialt ansvar og set folk sjølv i sentrum. Det betyr frå reparasjon til førebygging med Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**