Forsvar Førde Lufthamn!

Foto: Fjaler Ventstre

Arne Osland

 

Eit godt flytilbod på Førde Lufthamn er svært viktig for næringsliv og innbyggarar i Fjaler og distriktet vårt elles. Å halde oppe og vidareutvikle flyplassen vil også vere avgjerande for framtidig knoppskyting og ny-etableringar i heile regionen.

Å kunne nå marknader og kundegrupper, sentrale fagmiljø og samarbeidspartnarar raskt og enkelt, blir stadig viktigare når målet er å utvikle eit godt og framtidsretta næringsliv i distrikta. På min eigen arbeidsplass , UWC Røde Kors Nordisk – er flytilbodet på Bringeland ein viktig faktor i den daglege drifta. Og for andre aktørar, som Enoro AS, er tilbodet heilt avgjerande.

For dei reisande hos oss er det også viktig med god regularitet for å kunne korrespondere med reisemål både i inn- og utland – utan å måtte vente mange timar på Gardermoen. Fjaler Venstre oppmodar difor Avinor – i sine langsiktige planar og strategiar – om å satse vidare på Førde Lufthamn. Og god teknisk instrumentering vil ivareta tryggleiken og gi høg regularitet – og resultere i auka nyttegrad.

Fjaler Venstre lovar å støtte opp om og tale Førde Lufthamn si sak overfor sentrale styresmakter dei komande åra, og vi vil avvise eit kvart forslag om å svekke vår lufthamn for å samle flyplasstenestene andre stader. Med dagens samferdsletilbod vil det vere ei dårleg løysing for næringslivet både i Fjaler og i omliggande kommunar. Unødig lang reisetid gjer oss «fly forbanna». Vi satsar på eit framtidsretta og godt tilbod for innbyggjarane våre, for å komme seg både ut og heim.

Arne Osland

liste-kandidat for Fjaler Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**