Born og ungdom først

Foto: Marit Mellingen

Å investere i born og ungdom er å investere i framtida. Høg kvalitet på undervisning, satsing på trivsel og gode læringsmiljø er nokre av nøklane for å lukkast. Leikanger har gode skular og barnehagar, med kompetente tilsette og gode resultat. Men sektoren er under press, ei ansvarleg økonomistyring gjer at alle tenesteområde må under lupa. Men vi i Leikanger Venstre meinar det er viktigare enn nokon gong å satse på skulen og barnehagane.

Å sikre at born som veks opp på Leikanger får undervisning av topp kvalitet, at dei ikkje blir mobba, at dei har gode klassemiljø, og at dei veks opp til å bli ressurssterke og kompetente innbyggjarar er målet. Dette er ikkje berre samfunnsøkonomisk lønsamt, dette er å vere framtidsretta. Borna og ungdomen er framtida vår.

Leikanger Venstre vil difor jobbe for at Leikanger kommune:

– Tilset fleire lærarar pr. elev

– Tilset faste vikarar

– Held fram satsinga på vidareutdanning av lærarane og fagnettverka i oppvekstsektoren

– Mindre rapportering – meir tid til pedagogisk leiing

– Auke kapasiteten på administrativ støtte slik at lærarane blir frigjort til pedagogisk arbeid

– Fleire timar med symjeundervisning

 

Godt val!

Marit Mellingen, 2.kandidat Leikanger Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**